Ytre Sogn: I følge Norges jeger- og fiskerforbund rømde over 300.000 laks frå norske oppdrettsanlegg i fjor, som gjer 2019 det verste rømmingsåret på åtte år for oppdrettslaksen. Det skriv NRK.
I midten av september i fjor rømde kring 17 000 slakteklare oppdrettslaksar etter at det vart hol i ei av ventemerdene ved Slakteriet Brekke i Gulen.
Teknologien viktigare innan oppdrettsnæringa
No kan fjernstyrte miniubåtar vere løysinga for å redusere dei høge rømmingstala. Bremnes SeaShore i Vikane har teke i bruk moderne teknologi for å redusere lakserømminga i Hardangerfjorden.

Ved bruk av ein miniubåt kan dei bore 500 meter under vassoverflata med ein såkalla ROV miniubåt.
– Rømming vil me absolutt ikkje ha, men no har me full kontroll. Anlegget står heilt fast og kjem til å halde i mange stormar, seier driftsleiar Jarle Jensen i Bremnes SeaShore til NRK.
Den fjernstyrte miniubåten kan bore fester for kjetting mellom oppdrettsmerdene og havbotn. Med eit 6,5 cm stort hol med lim skal bolten på plass, og tola 130 tonn.
Denne typen teknologi har blitt brukt i offshorenæringa i lang tid, men har dei siste åra blitt større og viktigare innan oppdrettsnæringa òg.