MINNEORD: Les minneorda frå Vitemeir-gjengen til Marianne Jevnaker.
MINNEORD: Les minneorda frå Vitemeir-gjengen til Marianne Jevnaker. (Foto: Arkiv)

MINNEORD

Minneord for Marianne Jevnaker


Marianne Jevnaker kom inn i det regionale vitensenterprosjektet som eit frisk pust hausten 2018. Vi hadde utvikla ideen om eit slikt senter til eit nivå der vi trengte ein motor og drivkraft som kunne ta dette eit steg vidare.

Denne drivkrafta blei Marianne. Med sin entusiasme og smittande humør kom ho inn og skapte god stemning og stor framdrift.

Marianne var med å utvikle profilen, namnet og idégrunnlaget for innhaldet i ViteMeir-senteret som no blir bygd på Kaupanger. Ho var lyttande og inkluderande overfor alle dei ho jobba saman og kom i kontakt med, men hadde også klåre meiningar.

Marianne tok fatt i oppgåvene og reiste rundt i regionen og skapte tru på prosjektet blant sponsorar, skulefolk og elevar. Ho var ein god kollega og ein varm person som også laga triveleg stemning i møte, og ikkje minst på høgskulecampus i Sogndal der ho hadde kontor. 

Marianne har sett eit tydeleg og verdig fotavtrykk i ViteMeir, utan ho hadde vi ikkje vore der vi er i dag. Bodskapen om at Marianne har gått bort var tung å få, og vi kan berre ane kor tung den må vera for hennar familie og næraste.

Vi lyser fred over hennar minne og kjenner på eit stort sakn.

På vegne av ViteMeir-gjengen,

Stein Joar Hegland (Høgskulen på Vestlandet-HVL), Tor Arne Ness (Styreleiar ViteMeir), Svein Anders Dahl (rådgjevar), Geir Navarsete (rådgjevar), Kristin Sæterdal Myhra (HVL), Eskil Nore Kveim (HVL), Åse Neraas (formidlingsleiar ViteMeir).

Det er oppretta ei minneside for Marianne på Sogn Gravferdshjelp si nettside, sogn.vareminnesider.no.

Til toppen