I 1939 tok eg til på mellomskulen i Sogndal. Eg var heldig og fekk hybel med full kost hjå ho Hanna i Reina. Ho var eineståande snill, og stelte med meg som om eg skulle vera son i huset. Når ho minst ein gong kvar veka sykla til misjonsmøte ute i bygda, sa ho alltid: «No må du finna deg mat, Arne».

FØR I TIDA
Minner frå krigstida
Eg vil ikkje ein gong at min verste fiende skal bli ute for krig, men eg er likevel glad for det eg fekk lært ved å vera med, skriv Arne Eldegard i denne saka.