FJERNA FACEBOOK-SIDE: «Til minne for Margaret Molland Sanden» er fjerna frå Facebook etter at sida vart rapportert inn for ytring av rasisme og høgreekstremisme, skriv NRK Sogn og Fjordane. Montasje: Truls Grane Sylvarnes.
FJERNA FACEBOOK-SIDE: «Til minne for Margaret Molland Sanden» er fjerna frå Facebook etter at sida vart rapportert inn for ytring av rasisme og høgreekstremisme, skriv NRK Sogn og Fjordane. Montasje: Truls Grane Sylvarnes.

Misbrukt Facebook-side vart fjerna

Tysdag har Facebook fjerna minnesida som vart brukt til rasistiske og høgreekstreme ytringar.

Årdal: Etter trippeldrapet på Valdreskespressen i november 2013, der Margaret Molland Sanden frå Årdal vart drepen, vart det opprette ei side på Facebook kalla «Til minne om Margaret Molland Sanden». 

Facebook-sida, som hadde titusenvis av følgjarar, har blitt skulda for å ytre rasistiske og høgreekstreme meiningar, der Molland Sanden vart nytta som ein del av bodskapen. Klokka 11.00 tysdag vart sida fjerna, skriv NRK Sogn og Fjordane

I Sogn Avis førre veke oppmoda nære vener av Molland Sanden folk om å ta avstand frå Facebook-sida. 

NRK har snakka med ei kvinne som ønskjer å vere anonym. Ho rapporterte sida inn for Facebook, og tysdag kom svaret at sida var fjerna.

– Hovudårsaka til at eg oppretta dialog med Facebook var at den minnesida ikkje var ei minneside, men berre vart nytta til hatfulle og rasistiske ytringar som ikkje hadde noko med Margaret å gjere, fortel kvinna til NRK Sogn og Fjordane.

Til toppen