LITE Å SPARE: Hilmar Høl (Ap) meiner det er lite å spare på å nattestenge fylkesveg 53 om vinteren samanlikna med verdiane kommunen vil tapa. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
LITE Å SPARE: Hilmar Høl (Ap) meiner det er lite å spare på å nattestenge fylkesveg 53 om vinteren samanlikna med verdiane kommunen vil tapa. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

Mislikar forslaget om å nattestenge fylkesveg

– Fylkesveg 53 er næringslivsvegen for dei fleste i Årdal, seier Hilmar Høl (Ap). 

Årdal: Fylkesleiaren i Arbeidarpartiet fortel at han heldt på å få hakeslepp då han fekk vite om innsparingsforslaget tidlegare denne veka. 

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal kutta vel 40 millionar kroner på samferdsle i framtida. Stenging av rasteplassar og toalett, utsetjing av rydding etter hendingar på helg og redusert frekvens på brøyting og strøing kan bli konsekvensane.

Tredje størst på verdiskaping

For fylkesveg 50 og 53 kan det bli stengt om natta mellom 20.00 til 10.00 neste dag på vinterstid. Det forslaget har ikkje Høl særleg sans for.

– Det mange ikkje veit er at Årdal er den tredje største verdiskapingskommunen i fylket. Berre Florø og Førde er større, og dei har dobbelt så mange innbyggjarar. Fylkesveg 53 er næringslivsvegen for dei fleste. Alle varer kjem ut og inn av bygda den vegen anten det er natt eller dag, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

NATTESTENGT: Fylkesveg 53 har tidlegare blitt truga med å vinterstengast. No kan den i staden bli stengt i 13 timar på nattestid om vinteren. Arkiv
NATTESTENGT: Fylkesveg 53 har tidlegare blitt truga med å vinterstengast. No kan den i staden bli stengt i 13 timar på nattestid om vinteren. Arkiv

– Dessutan ligg det store planar i fjellområdet knytt til reiselivet. Det er lagt ned millionar i breibandssatsing, og det ligg store reguleringsplanar på Årdal-sida som gjer at ein kan få fleire hytter. Dette er investeringar for eit samfunn som kan gå dukken. Me er avhengige av å ha ein heilårsveg.

40 millionar kroner

Tysdag møttest hovudutval for samferdsle, der ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad (H), er leiar.

UTFORDRING: Leiar i hovudutval for samferdsle, Noralv Distad, fortel om eit voldsomt etterslep på dei fylkeskommunale vegane. Arkiv
UTFORDRING: Leiar i hovudutval for samferdsle, Noralv Distad, fortel om eit voldsomt etterslep på dei fylkeskommunale vegane. Arkiv

– På lengre sikt er økonomien for samferdslen stram. Utvalet har sett på ulike tiltak og kva som ligg av innsparingar og delt dette inn i nivå etter kor store konsekvensar dei har. Innsparinga ein ser på som aktuell ligg på 40 millionar kroner. 

– Samferdsleutvalet har sagt at sidan dette er nytt, så skal ein 21. juni ha ein gjennomgang av heile situasjonen for å setja ting opp mot kvarandre. Her ligg det noko arbeid inn mot staten for å finna ei løysing, seier Distad.

Lite å spare, men høg pris for kommunane

Både han og Høl konstaterer at etterslepet på vegane i Sogn og Fjordane er stort, noko som gir det heile ei ekstra utfordring når det samstundes skal sparast. Men å stengje fylkesveg 50 og 53 om natta vil vere ein liten sum å spare samanlikna med det kommunane tapar, trur Høl.

– Årdal har ei ganske sterk sak fordi det er ein minimal kostnad å halde ope. På ein femårsperiode er den snakk om ei innsparing på 1,4 millionar kroner. Det er ein liten sum for fylkeskommunen, men ein dyr sum for Årdal kommune.

– Eg mistenkjer sterkt at det regjeringa gjorde då dei laga nytt inntektsystem for med kutt for Sogn og Fjordane, så var det for å tvinga fylket til å gå mot andre fylke for å ha god nok økonomi til å leva vidare. Held det fram slik, vil me ha store problem med å gi tenestene folk er ute etter.

Utfallet av saka blir uansett ikkje klart med det same. Ei stenging vil tidlegast skje hausten 2019, så her har dei folkevalde god tid til å bestemme seg og prøve å påverke inn mot sentrale krefter.

Til toppen