Os-Fjøra: 5-3
To mål dei tre siste minutta hindra at det vart skikkeleg stygge siffer. Likevel vart det ein lang busstur heimatt etter tre frustrerande poengtap.
– Diverre så følgjer ikkje dommaren godt nok med på dei første to måla og det øydelegg resten av kampen, seier han.
Les også: Flo sørga for ein pangstart på sesongen for Fjøra
Hatle meiner det første målet skulle vore annulert for angrep på keeper, medan spelet skulle ha vore stansa i forkant av 0-2 fordi ein spelar låg nede med hovudskade.
– Når det er sagt så fortente vi å ligge under etter førsteomgang, seier Hatle.
Til pause gjekk Fjøra i garderoben med 0-3. Hatle meiner spelarane stod for mykje med hua i handa og må bli tøffare, ikkje minst på dødballar imot, dersom det skal bli bortepoeng framover.
– Vi bestemmer oss for å vise oss frå ei betre side i andreomgangen og den vinn vi fortent 3-2, seier Hatle.
Fasiten etter dei tre første seriekampane er tre poeng, ikkje meir enn det bør vere om dei vil halde seg i divisjonen. Fjøratrenaren er glad for å legge bak seg tolv hektiske dagar, som ikkje minst har blitt krydra av ein tøff cupkamp mot storebror Sogndal.
– Det skal bli godt å få ei skikkeleg treningsveke og så skal vi vise oss frå ei betre side mot Varegg neste helg. Eg reknar med at det er ei revansjesugen spelargruppe som er klar for å ta tre poeng, seier Hatle.