ØYDELAGD: Dei åtte asylsøkjarane som budde i huset som brann fredag før helga, har mista alt dei hadde. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ØYDELAGD: Dei åtte asylsøkjarane som budde i huset som brann fredag før helga, har mista alt dei hadde. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Mista alt i brannen – samlar inn klede

Anne Margrete Hatlelid håpar lokalbefolkninga kan hjelpe til med klede.

Årdal: Det var fredag ettermiddag at det tok til å brenne i ein bustad i Øvre Årdal. Dei åtte asylsøkjarane som budde i huset mista alt dei hadde i brannen.

– Det går heldigvis bra med alle saman, men dei mista det dei hadde i brannen, seier Hatlelid, som er leiar ved Årdal Mottakssenter. 

No håpar ho lokalbefolkninga kan bidra med klede og utstyr til offera for brannen. 

– Viss nokon har har klede i storleik medium som berre blir liggjande i skapet og kan hiva det i ein pose og koma ned på kontoret vårt, så blir me veldig glade, seier Hatlelid og fortel at dette er snakk om karar i alderen 18 til 25 år.

Har fått nye senger å sove i

Sett vekk frå at ein av mennene fekk ein liten brannskade på handa, var det ingen personskade som følgje av brannen, som oppstod i samband med matlaging.

– Alle åtte kom seg trygt ut og har no fått nye senger å sove i og er ved godt mot, fortel Hatlelid.

Dersom du har klede å gi vekk, opplyser mottaksleiaren at dei har ope på kontoret på Årdalstangen mellom 08.00 og 15.30 kvar dag.

Til toppen