FARTSKONTROLL: Ein førar mista førarkortet onsdag kveld då UP hadde fartskontroll på Ljøsne. 
FARTSKONTROLL: Ein førar mista førarkortet onsdag kveld då UP hadde fartskontroll på Ljøsne. 

Mista førarkortet i fartskontroll

Politiet har gjennomført fartskontroll i 70-sona på Ljøsne.

Ljøsne: Onsdag kveld gjennomførte UP fartskontroll i 70-sona på Ljøsne i Lærdal. Der var det ein som køyrte altfor fort og mista førarkortet.

Vedkommande heldt 109 kilometer i timen og vart meld til politiet i tillegg til at førarkortet vart kverrsett.

Utover dette fekk fem førarar forenkla forelegg for høg fart, der den høgste farta var 88 kilometer i timen. 

Til toppen