MISTA LAPPEN: Ein trafikant køyrte altfor fort i 50-sona og mista sertifikatet. 
MISTA LAPPEN: Ein trafikant køyrte altfor fort i 50-sona og mista sertifikatet.  (Foto: arkiv)

Mista førarkortet i kontroll

Ein trafikant heldt altfor høg fart i 50-sone.

Sogndal: Politiet gjennomførte fartskontrollar i Sogndal tysdag kveld. Både i 70-sona og i 50-sona var det bilistar som køyrte for fort.

Verst var det i 50-sona der ein førar fekk eit forenkla førelegg, medan ein mista lappen for å ha køyrt i 76 kilometer i timen.

Også i 70-sona fekk ein person eit forenkla førelegg for å ha blitt målt i 83 kilometer i timen. 

Til toppen