NÅDDE IKKJE MÅL: Draumen om opprykk for Sogndal må la seg vente ettersom at bergensarane blei for sterke. Foto: Arkiv.
NÅDDE IKKJE MÅL: Draumen om opprykk for Sogndal må la seg vente ettersom at bergensarane blei for sterke. Foto: Arkiv.

Mista sjansen for opprykk på målstreken

Damelaget til Sogndal klarte ikkje nå det store målet om opprykk då dei blei møtt av eit sterkare BSI på bortebane. 

BSI - Sogndal: 34-21

Bergensjentene blei for hurtige for sogningane då dei spelte om opprykk laurdag. Trenar for Sogndal, Ole Kristian Gjerstad, fortel til Porten.no at dei blei møtt av eit lag som spelte på eit høgare nivå enn det jentene før har vore vande til. 

– Motstandarane var utruleg hurtige og spelte mykje på kontringar. Dei hadde eit mykje høgare tempo, og det takla me dårleg. Me blir for treige og rekk ikkje å kome i forsvar før det er for seint. 

Han fortel vidare at sjølv om mykje ikkje stemte for jentene i dag, er et viktig at dei er nøgd med jobben dei har gjort til no, og godta at dei tapte mot eit betre lag. 

– Det er sjølvsagt trist at det endte slik, men dei skal vere stolt over å ha spelt ein så bra sesong. 

 

Til toppen