– Bilen kom køyrande på ein sideveg bak buskene til venstre på bildet, og har svinga rett ut i elva, melder operasjonsleiar i Vest politidistikt, Eivind Hellesund. 
– Bilen kom køyrande på ein sideveg bak buskene til venstre på bildet, og har svinga rett ut i elva, melder operasjonsleiar i Vest politidistikt, Eivind Hellesund.  (Foto: Vest politidistrikt)

Mistanke om promillekøyring i Flåm: – Svinga rett ut i elva

Det er ingen personskader.

Flåm: Klokka 01:58 natt til fredag vart politiet varsla om ein bil som hadde køyrd ut i ei elv i Flåm. 

Naudetatane rykka ut til staden. Det viste seg at det ikkje var personskade eller lekkasje frå bilen.

– Bilen kom køyrande på ein sideveg bak buskene til venstre på bildet og har svinga rett ut i elva, melder operasjonsleiar i Vest politidistikt, Eivind Hellesund. 

– Det er mistanke om promillekøyring. Blodprøve er teken og politiet har oppretta sak, seier han. 

Bilen vert fjerna fredag morgon. 

Til toppen