KADAVER: Viltforvaltar Knut Fredrik Øi tek prøve for skrantesjuke av dette kadavaret av ein hjort som har ligge i Seltåsen ei god stund. Prøveresultatet var negativt, altså inga skrantesjuke. Det er til no ikkje påvist skrantesjuke på hjort, verken i Sogn eller elles i landet. Foto: Ole Ramshus Sælthun
KADAVER: Viltforvaltar Knut Fredrik Øi tek prøve for skrantesjuke av dette kadavaret av ein hjort som har ligge i Seltåsen ei god stund. Prøveresultatet var negativt, altså inga skrantesjuke. Det er til no ikkje påvist skrantesjuke på hjort, verken i Sogn eller elles i landet. Foto: Ole Ramshus Sælthun (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Mistanke om to nye tilfelle av skrantesjuke i Nordfjella

Fem dagar inn i villreinjakta i Nordfjella har jegerane skote rundt 150 dyr. Ein mistenkjer no at to av desse kan vere smitta av skrantesjuka.

Lærdal: Dyra vart felt under ordinær jakt, som er eit ledd i den nasjonale aksjonen for å bli kvitt sjukdommen. Diagnosen blir venteleg endeleg bekrefta om nokre dagar. Sjukdommen er dødeleg for hjortedyr, men har aldri smitta til menneske.

– Vi er ikkje overraska over å ha funne to nye positive dyr, og det bekreftar heilt klart kor viktig det er å fjerne heile flokken. Vi forventar å finne fleire positive dyr etter kvart som jakta fortset, og rettar ei stor takk til jegerar og andre som gjer ein enorm innsats i desse dagar, seier Kristin Ruud Alvseike, seniorrådgjevar i Mattilsynet.

Slakteskrottane blir tatt hand om av Mattilsynet.

– Det er svært viktig at jegerar registrerer dyra dei feller under jakta. Jo raskare vi får informasjon om felte dyr, desto raskare kan vi teste og friskmelde byttet, seier Alvseike.

Siste jakt på 15 år

Det var gitt 1.750 fellingsløyve då det som kan vere den siste villreinjakta i området på 15 år, starta torsdag i førre veke. På kvart løyve kan det fellast to dyr. Heile villreinstammen på 2.200 dyr skal fellast.

Bakgrunnen for at villreinstammen no blir fjerna, er at ekspertar fryktar at skrantesjuka kan spreie seg til tamrein og andre hjortedyr.

Statlege jaktlag

Den ordinære jakta varer fram til 31. oktober. Statens naturoppsyn håpar jegerane klarer å felle opp mot 1.000 dyr. Etter det blir det sett inn statlege jaktlag som skal ta resten av stammen.

Nordfjella, som strekkjer seg over seks kommunar i Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane, er eitt av dei to områda i Noreg der det er påvist skrantesjuke. Det andre området er Selbu i Sør-Trøndelag, der sjukdommen er påvist hos elg.

(©NPK)

Til toppen