OM NATTA: Jakting om natta er ikkje ulovleg ved forsvarlege lystilhøve - men det er sjølvsagt ulovleg om ein jaktar på terreng ein ikkje har løyve til å jakta på. Hendingane på Kaupanger som er melde dreier seg om mistenkt tjuvjakt nattestid. Illustrasjonsfoto frå viltkamera
OM NATTA: Jakting om natta er ikkje ulovleg ved forsvarlege lystilhøve - men det er sjølvsagt ulovleg om ein jaktar på terreng ein ikkje har løyve til å jakta på. Hendingane på Kaupanger som er melde dreier seg om mistenkt tjuvjakt nattestid. Illustrasjonsfoto frå viltkamera

Mistanke om to tilfeller av tjuvjakt på Kaupanger

Siste halvdel av november opplevde både Magne Selseng og Mette Marie Heiberg spor av at hjortar var skotne og dregne ut av terrenga deira - utan at dei hadde eigne jegerar i terrenget.

Kaupanger: – Eg var ute og gjekk tur og såg blodspor langs vegen. Det var litt snø så eg følgde spora eit stykke. Då såg eg spor av at eit dyr var drege ned til hovudvegen, riksveg 5. Om det var fleire veit eg ikkje, det var i alle fall eitt, seier Mette Marie Heiberg.

Ho og familien eig Amble gard ved Amlabukti på Kaupanger. Hendinga i utmarka deira fann stad i siste halvdel av november. 

Ikkje vomba ut - drege rett ned til veg

Og berre nokre dagar seinare opplevde Magne Selseng på Hovland noko lenger nordvest på Kaupanger eit liknande tilfelle.

– Onkelen min var oppi skogen om morgonen og såg at det var drege eitt dyr ned til vegen. Det var ikkje vomba ut, berre drege rett ned. Her var det mykje blodspor. Truleg var det skote eitt dyr til. 

– Har du opplevd dette tidlegare?

– Eg har ikkje opplevd dette fleire gonger, men ein høyrer mykje. Det er nok eit større problem enn ein trur. 

– Går utover dyrevelferda

Selseng fortel fjelloppsynet kom og gjorde undersøkingar etter oppdaginga. Heiberg på Amble gard hadde også eit tilfelle i fjor der det kunne vera snakk om tjuvjakt, men dei melde det ikkje då. Denne gongen tok dei saka til politiet.

– Korleis er det å tenkja på at uvedkomande truleg har vore i dykkar terreng og skote hjort?

– Det er fortvilande og det dyret som var skote hadde gått ganske langt. Vår eiga jakt er ein ting, at det går utover dyrevelferda er noko anna. Dette er det ikkje lett å få kontroll med.

– Trur du saka blir oppklara?

– Eg håpar i alle fall det.

Truleg mørketal

Fjelloppsyn Runar Hatlevoll som jobbar med slike saker i kommunane Sogndal, Luster og Leikanger stadfestar at dei to sakene er polititmelde, men vil ikkje seia meir om dei konkrete tilfella. Det er også politimeldt ei sak med mistanke om tjuvjakt i Jostedalen i Luster.

– Det er også mistanke om at det føregår tjuvjakt på hjortevilt utanom jakttida, seier Hatlevoll.

Kor stort problem tjuvjakt er har han ikkje oversyn over.

– Kan det vera snakk om mørketal her? 

– Ja, truleg, seier Hatlevoll.

– Folk må melda frå

Han opplyser vidare at det dei kjenner til av tjuvjakt går føre seg nattestid, men vil ikkje gå nærare inn på kor vidt det kan vera snakk om personar som driv med tjuvjakt systematisk.

Blir ein dømt for tjuvjakt ventar bøter eller inntil eitt års fengsel, under særskild skjerpande omstende kan ein bli dømt til inntil to års fengsel. Det er viltlova paragraf 56 som regulerer dette.

– Kan folk flest gjera noko for å førebyggja tjuvjakt?

– Ved å gjera seg kjende med regelverket, særskild det som står i forskrifta om utøving av jakt, felling og fangst. Vidare melda frå om ein ser skadd hjortevilt og ulovleg jakt.

– Tett oppfølging

Vidare presiserer Hatlevoll at det er lov å jakta om natta ved forsvarlege lystilhøve - dersom ein leiger eller eig jaktterrenget, sjølvsagt

– Men det er ikkje lov å bruka kunstig lys. Grunneigarar og valdansvarleg bør ha tett oppfølging på kven som jaktar i området til ei kvar tid. 

Knut Fredrik Øi ved felles landbrukskontor for Årdal, Lærdal og Aurland opplyser at han ikkje kjenner til kjende tilfeller av tjuvjakt i desse kommunane.

Til toppen