NEDGANG: Dei tapte skatteinntektene kjem av låge straumprisar - her politikarane i Lærdal under synfaring på Stuvane kraftverk då det vart arrangert Kraftdag i Lærdal tidlegare i haust. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
NEDGANG: Dei tapte skatteinntektene kjem av låge straumprisar - her politikarane i Lærdal under synfaring på Stuvane kraftverk då det vart arrangert Kraftdag i Lærdal tidlegare i haust. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Mistar 20 millionar kroner i eigedomsskatt

Nye verdifastsetjingar av kraftverka gjer at Aurland, Lærdal og Årdal ligg an til å mista mange millionar skattekroner kvar - nærare 20 til saman.

Aurland/Lærdal/Årdal: – Eg er bekymra. Vi har ikkje fått tala stadfesta, men dei ser reelle ut. Og då er det svært ille, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal kommune til NRK, som først omtalte saka.

Nye verdifastsetjingar av kraftverka er grunnen. Låge kraftprisar gjev dårlegare inntening og set ned verdien på kraftverka. Såleis må kraftverka betala mindre i eigedomsskatt til kommunane dei er plasserte i.

Budsjetterte med 15 millionar - 6,6 av desse kan forsvinna

Meldinga kom frå sentralskattekontoret til kraftkommunar, og i følgje NRK er det snakk om følgjande summar i tapt skatteinntekt:

Aurland: 10 millionar kroner 

Lærdal: 6,6 millionar kroner

Årdal: 2,7 millionar kroner

Aurland hadde budsjettert med 55 millionar kroner i inntekter her, ti av desse kan altså forsvinna - i underkant av tjue prosent. Prosentvis er det enno verre for Lærdal - her hadde ein budsjettert med 15 millionar kroner og 6,6 millionar kan forsvinna, over 40 prosent.

Rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal skriv følgjande i ein e-post: 

"Me tok høgde i budsjett og økonomiplan for ein viss nedgang i høve tidlegare år, men storleiken på beløpa var ikkje forventa. Dette stiller Lærdal kommune i ein særs vanskeleg situasjon."

Han opplyser vidare at alle tilsette i Lærdal kommune er informerte om saka, at kommunestyret vil få ei orientering torsdag og at det blir ekstraordinært møte med formannskapet i etterkant av kommunestyret for å starte arbeidet med å finne løysingar så raskt som mogleg.  

Til toppen