Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Bilde: Arkiv)

Mistenker skrantesjuk hjort – det er i så fall første gong i Norge

– Dette er urovekkande, seier direktør i Mattilsynet

Norge: Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om at dei mistenker at ein hjort felt under jakt Gjemnes kommune i Møre og Romsdal kan ha vore smitta av skrantesjuke. Endeleg prøveresultat er venta i neste veke, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

– Dette er urovekkande. Til no har me kun funne smitta på villrein i Nordfjella og på elg i Trøndelag, seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for planter og dyr i Mattilsynet, i pressemeldinga.

Hjorten var ei gamal kolle og hadde ingen synlege symptom på sjukdommen. Mattilsynet samlar no inn skinn, skrott og slakterestar frå dyret, som Veterinærinstituttet skal analysera vidare.

Direktør Baalsrud opplyser at det er for tidleg å seia noko om kva variant av skrantesjuka det dreier seg om og kva konsekvensar eit eventuelt positivt prøvesvar vil få.

– Som eit strakstiltak trappar me umiddelbart opp kartlegginga av hjortedyr i dette området. Det er viktig å få meir kunnskap om situasjonen i Møre og Romsdal. Me ber no den faglege ekspertisa ved forskningsinstitusjonar og universitet om vurderingar og alternativ vidare, sier Baalsrud.

 

Til toppen