Om våren er beiteplantane i ung og god vekst, og dei inneheld mykje protein og energi, skriv forskning.no.
Feittprosenten i mjølka har ein tendens til å gå litt ned av det unge graset om sommaren, men feittet blir meir ernæringsmessig sunnare. Mjølka inneheld også meir vitamin enn den som blir produsert resten av året.
Også mjukare smør om sommaren
Årsaka til at feittmengda går ned når kyrne blir sleppte på beite er det låge fiberinnhaldet i ungt beitegras. Fôr med lite fiber går raskare gjennom vomma til kua, og fører til at det tar kortare tid å ta opp næringa.
Det sunne feittet i mjølka fører i tillegg til at smøret blir mjukare. Når smøret blir mjukare om sommaren er det ikkje berre på grunn av sommartemperaturen, men den høge delen av umetta feittsyrer som gjev ein mjukare konsistens enn elles i året.