OMVENDT TANKEGANG: Mobbeombod Aina Drage meinar vaksne gjer lurt i å læra seg korleis dei kan oppdaga mobbing.
OMVENDT TANKEGANG: Mobbeombod Aina Drage meinar vaksne gjer lurt i å læra seg korleis dei kan oppdaga mobbing. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

MEININGAR

Mobbeombodet: – Du ser det ikkje før du trur det

– Mobbing er ofte vanskeleg å sjå. Vi vaksne må forstå at det vi ser er bitar av eit større og ofte usynleg bilete – og med interesse, mot og rette verktøy kan vi kanskje klare å få auge på det, skriv mobbeombod Aina Drage.

Meiningar: Mobbesituasjonar kan frå utsida sjå ut som tilfeldige uhell, meir enn villa handlingar. Dette er kjend for dei fleste som jobbar med barn.

Når til dømes Even på 13 år eksploderer, skrik og slår etter dei andre, etter at han nok ein gong tilsynelatande tilfeldig fekk basketballen i andletet under spel i friminuttet. Korleis kan vi vite om dette berre var uhell?

Eg tenkjer det er lite truleg at barn spinn i hop dramatiske forteljingar om krenking og mobbing utan at det har rot i røynda.

Mobbing skadar både den som utfører det og den som vert utsett for det, i tillegg til å skade miljøet det skjer i. Dess lenger mobbing får utvikle seg, jo større og djupare vert skadane. Det er heilt avgjerande at vi vaksne klarer å sjå når mobbing skjer.

Ei kjensle av svik å ikkje bli trudd

Mange elevar som vert utsette for mobbing kjenner dei seg usikre på om dei vert trudd på eller teke på alvor når dei gir beskjed til ein vaksen. Det vil seie, den vaksne viser forståing for at barnet kjenner seg utanfor, men ser ikkje same årsaka.

Den vaksne ser heller ikkje alltid ut til å setje den aktuelle hendinga inn i eit større bilete, sjølv om barnet av og til fortel detaljert korleis hendingar heng i hop.

Ein direkte konsekvens av å ikkje bli teken på alvor er ei kjensle av svik, som ofte fører barnet til tausheit. Kvifor fortelje, og vise kjensler, når du ikkje vert teken på alvor? Det må vere audmjukande.

Det kan sjå ut som at mange av oss vaksne har størst tillit til det vi openbert kan sjå med eigne auge. Og det treng sjølvsagt ikkje vere feil, om vi berre veit kva vi skal sjå etter.

Sju punkt for å vurdere mobbing

Om sjølve situasjonen, det konkrete som skjer der og då, verkar å sjå ut som eit uhell, kan det vere lurt å setje saman informasjon du har:

  • Kor ofte skjer dette? Kven er involvert?
  • Kor alvorleg er det som skjedde?
  • Korleis reagerer dei involverte emosjonelt, tilnærma likt eller svært ulikt?
  • Opplever du gjensidige ønskje om å ordne opp?
  • Kan du sjå nokon som angrar?
  • Prøver nokon å skaffe seg materielt eller sosialt gode gjennom slik handling?
  • Og, kva seier den som vert utsett for mobbing?

Men ein trasig konsekvens av det kan vere at når vi grip inn regulerer vi reaksjonen til den som vert utsett for mobbing, i staden for å setje fokus på den eller dei som veit korleis ein skaper slike situasjonar. Slik kan mobbing halde fram, meir og mindre skjult.

Har laga verktøy

Kva med å berre tru på barnet? Er det for drygt å velje å fullt ut tru på eit barn som opplever å bli utsett for krenking eller mobbing? Eitt barns oppleving av utrygt skulemiljø viser seg ofte å vere ein indikator på eit heilt miljø som ikkje er trygt og godt. Der eitt barn er utrygg er ofte fleire utrygge.

Eg tenkjer det er lite truleg at barn spinn i hop dramatiske forteljingar om krenking og mobbing utan at det har rot i røynda.

Eg har både erfaring med og forståing for at det kan vere vanskeleg å sjå at mobbing skjer. Det kan vere vanskeleg å tru på noko du sjølv ikkje ser.

Om eit barn ser ut til å trivast i timane, har vener på skulen, kjem på skulen kvar dag, og det attpåtil med eit smil, då kan det vere vanskeleg å forstå at det same barnet vert utsett for mobbing. Og om dette barnet i tillegg sjølv er i stand til å krenke, ja, då kan det vere endå vanskelegare.

Nettopp av denne grunnen har Utdanningsdirektoratet og Læringsmiljøsenteret laga verktøy for å kunne sjå og forstå dynamikken i barnegruppa. Grundige undersøkingar kan avdekke mobbing og kartlegge det sosiale samspelet. Dette er heilt avgjerande for å handtere mobbing og snu eit skulemiljø som er på avvege. 

Kameleonen i Kenya

Men først av alt trur eg vi må velje, eller våge, å tru. Vi må tru på barnet som fortel at mobbing skjer. Vi må våge å tru på at det kan ligge meir bak eit uhell eller ei krenking, at biletet er større enn det vi faktisk ser, og at her kan vere element vi heller ikkje ønsker sjå. Først då kan vi fullt ut sjå kva som skjer.

Eg trur det er litt slik psykolog Kari Halstensen fortel om frå ei reise i Kenya. I ein hage viste ein gut den tamme kameleonen sin som sat i treet. Halstensen såg først ikkje kameleonen, men etter å ha leita med blikket ei stund, såg ho den.

Halstensen trekk fram to ting som gjorde at ho såg kameleonen: for det første fortalde guten at den var der, og for det andre visste ho at den var vanskeleg å sjå. Begge deler påverka måten ho brukte auga sine på

Må vi sjå for å kunne tru på? Eg trur det er omvendt, vi må tru på for å kunne sjå. Det hadde i alle fall eg likt, om det var eg som nok ein gong ikkje vart invitert eller eg som nok ein gong vart utsett for eit «uhell» med basketballen...

(Kjelde: K. Halstensen, 31.8.2018, «Å se kameleoner. Skjult mobbing pågår over alt til alle tider», Psykologisk.no)

Til toppen