GLIMTKLAR: Vegard Leikvoll Moberg har signert for Bodø/Glimt. Foto: Bodø/Glimt.
GLIMTKLAR: Vegard Leikvoll Moberg har signert for Bodø/Glimt. Foto: Bodø/Glimt.

Moberg er seld til Bodø/Glimt

Sogndal Fotball og Bodø/Glimt er i dag samde om ein overgang for Vegard Leikvoll Moberg.

Sogndal: Moberg fekk dermed berre seks kampar i Sogndal-trøya etter at han kom til saftbygda frå Åsane i fjor. Debuten var mot nettopp sin nye klubb i eit oppgjer som enda 2-2.

Hard konkurranse om midtbaneplassane og dermed lite speletid for Moberg er ei av årsakene til overgangen.

– For Vegard si vidare utvikling og karriere er det viktig at han får meir regelmessig speletid framover, og der er sjansen større i Bodø/Glimt for tida, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubben si heimeside.

Ingen nedtur med 1. divisjon

I Bodø får Vegard eit gjensyn med sin gamle trenar Kjetil Knudsen, som no er assistenttrenar i Glimt. Han møter óg sin gamle lagkamerat Kristian Fardal Opseth, som er på lån frå Sogndal ut vårsesongen.

– Det vil passa meg bra å bidra til å spele opp ein klubb frå 1. divisjon. Sjølv om eg kjem frp Eliteserien, er det ingen nedtur for meg å gå tilbake til 1. divisjon, seier han til Glimt si heimeside.

– Eg håpar på å få spelt så masse som mogleg og har respekt for dei som er her frå før. Det blir opp til meg å vise at eg skal satsast på. Det er gode spelarar her, men eg vil tilføra noko anna, legg han til.

Til toppen