NY APP: Informasjonsmedarbeidar hjå SIMAS demonstrerer korleis dei nye produkta til SIMAS fungerer. Foto: SIMAS. 
NY APP: Informasjonsmedarbeidar hjå SIMAS demonstrerer korleis dei nye produkta til SIMAS fungerer. Foto: SIMAS. 

Mobil-app skal varsle om bostømming

SIMAS, som tar seg av renovasjon i Lærdal, har to nye produkt å kome med til innbyggjarane.

Lærdal: – Me jobbar for å gjere avfallshandteringa enklare for abonnentane våre, seier informasjonsmedarbeidar Linn Sofie Ugulen i ei pressemelding som SIMAS sendte ut måndag.

SIMAS, som tar seg av renovasjon og slamtømming i Lærdal kommune, lanserer nemleg «Mi side» og applikasjonen «Min renovasjon», som skal gi innbyggjarane ei moglegheit for innsyn, informasjon og kommunikasjon med SIMAS.

I praksis kan hushaldningsabonnentane sjekke kva dei er registrert med av kommunale tenester og matrikkelinformasjon om sin eigedom.

På den nye appen kan ein verte varsla om tømming, finne informasjon om miljøstasjonane, returpunkt, sortering og sendte melding til SIMAS. 

– Me håpar produkta kan gi abonnentane våre ei brukarvenleg oppleving og noko ekstra. 

Til toppen