LEGG NED: MobilData butikken på Årdalssenteret skal legga ned i løpet av september månad, noko dagleg leiar Svein Ove Bergseth, tykkjer er veldig trist.
LEGG NED: MobilData butikken på Årdalssenteret skal legga ned i løpet av september månad, noko dagleg leiar Svein Ove Bergseth, tykkjer er veldig trist. (Foto: Sunniva Knutsen)

MobilData stenger dørene i  Årdal, dagleg leiar: – Veldig trist

Årdalssenteret mistar endå ein butikk.

- VELDIG TRIST: Dagleg leiar Svein Ove Bergseth, tykkjer det er veldig trist at dei såg seg nøydde til å stenga butikkdørene, men legg vekt på at dei vil halde fram med tilbod for årdølene i Sogndal. Foto: MobilTek AS

Årdal: – Årsaka er at me ser litt for lite lønnsemd i drifta i forhold til omsetninga. Difor ser me oss nøydde til å stenga dørene, seier Svein Ove Bergseth, dagleg leiar. 

Det er førebels ikkje fastsett ein spesifikk dato for stenginga, men Bergseth seier det truleg vil skje i løpet av september. 

MobilData Årdal, som vart opna i 2010, er eigd av MobilTek As som også driv Telehuset Sogndal, som Bergseth òg er dagleg leiar for. 

Ny jobb og studie ventar tilsette

Bergseth fortel at nedlegginga har vore ei sak dei har vurdert ei stund. Utover låg lønnsemnd, var det to årsaker til at dei valte å stenga.

I butikken var det to faste tilsette, ein på fulltid og ein på deltid. 

– Butikksjefen skal over i ein ny jobb og den i deltid skal slutte for å studere, så for å driva vidare måtte me ha starta med blanke ark, og då vart det i den samanhengen avgjerande for beslutninga om å stenga. 

– Det er veldig trist. Men no er det ikkje slik at me må sende tilsette på døra, i forhold til at dei skal i ny jobb og studier, så det er bra. 

Held fram med tilbod i Sogndal

Bergseth seier at bedriftskundar vil bli betjent vidare av Telehuset i Sogndal, og at dei håpar at privatkundar òg vil halde fram med å handle via butikken der.  

Han fortel at bedriftskundane i Årdal vil vera prioritert sjølv om dei vil drifta frå Sogndal. 

– Me har ein plan om å vitja bygda for å passe på at kundane våre blir godt følgd opp.

Handelslekkasje har litt av skulda

Bergseth seier han er takksam for dei kundane som har støtta butikken, og takka for støtta.

– Er det utfordrande å driva butikk i Årdal? 

— Me ser at netthandel og handelslekkasje er ei stor utfordring, både for oss og næringslivet generelt i Årdal.

– Me kom fram til at me ikkje kunne forsvare drifta lenger. Handelslekkasje er nok eit problem, men det har nok vore slik i lang tid, seier han. 

Han fortel at bedrifta framleis vil fokusere på bedriftskundane i Årdal, og har ein plan om å vitja bygda for å passe på at kundane blir følgd opp.

Til toppen