Høyanger: – Eg synest det er kjempeflott at modellane har fått ein fast utstillingsplass. Det kan ikkje bli betre enn dette. Her står dei på ein veldig fin plass der det er lyst og fint, seier Arild Høyvik, som stå bak modellane av gamle Høyanger.

Modellane av gamle Høyanger har fått fast utstillingsplass: – Det kan ikkje bli betre
Det ombygde industristadmuseet i Høyanger gjenopna torsdag. Modellane Arild Høyvik har laga av gamle Høyanger har no ein fast utstillingsplass i andre etasje.