SAMTALE: Ragnhild Sælthun Fjørtoft i samtale med Magnus Takvam og Olav Vesaas. Foto: Kaja Nygård.
SAMTALE: Ragnhild Sælthun Fjørtoft i samtale med Magnus Takvam og Olav Vesaas. Foto: Kaja Nygård.

Mødreprat på litteraturfestivalen

Denne helga er litteratur, språk, musikk, kunst og humor på agendaen i Flåm. 

Aurland/Flåm: Det er Nærøyfjorden verdsarvpark, på oppdrag for Aurland kommune, som står bak Nynorske litteraturdagar.

Målet med Nynorske litteraturdagar har vore å etablere eit stort årleg kulturarrangement med vekt på nynorsk litteratur og språk. Dette har dei lukkast med, då dei feira 10 års jubileum i fjor. Dei omtalar dagane som ein liten og intim litteraturfestival.

Rommar mykje

Litteratur er i vid forståing alle menneskelege ytringar som har manifest seg som tekst. Tidlegare i haust fekk den kjente songaren og låtskrivaren Bob Dylan, Nobelprisen i litteratur. Det gav anerkjenning til at god tekst ikkje må vere skreve i blekk, men kan framførast på andre måtar.

Nynorske litteraturdagar rommar både kjende og ukjente aktørar, der både dikt, tekst og musikk er aktuelle sjangrar på festivalen. Publikum som besøker Flåm denne helga, kan få med seg eit variert og spanande program.

FRETHEIM HOTEL: Denne helga er det festivaldagar i Aurland og Flåm.
FRETHEIM HOTEL: Denne helga er det festivaldagar i Aurland og Flåm.

Våre diktande mødrer

Eit av innslaga på festivalen laurdag, var ein uformell samtale mellom Ragnhild Sælthun Fjørtoft og sønene til diktande mødrer. Olav Vesaas, son av Halldis Moren Vesaas og Magnus Takvam, son av Marie Takvam fortalte om livet saman med ei diktande mor. Klaus Hagerup, son av Inger Hagerup, måtte dessverre melde avbud i siste liten på grunn av sjukdom.

Dei tre diktande mødrene, Halldis Moren Vesaas, Marie Takvam og Inger Hagerup var gode venninner og dei hadde litteraturen felles. Dei var alle sterke og modige kvinner, der Halldis Moren Vesaas  blir omtala som nynorskdronninga.

Marie Takvam stod opp for dei svake i samfunnet, og ho gjorde det ho sjølv meinte var riktig.

- Noko av det eg meinte var det beste med Marie, var at ho var så sjølvstendig og modig, seier son Takvam.

Rikt liv

Samtalen på scena var ærleg, uformell og forteljande. Sønene kunne fortelje om eit rikt liv og dei var veldig stolte over mødrene sine.

- Eg er stolt over at mor skilte seg litt ut, seier Vesaas.

Dei var begge saman med mødrene sine på barnetimen. Dette var stort å få vere med på for ein liten gut og Takvam kunne fortelje at han ofte las manuset på førehand. Slik kunne han fortelje vennene sine kva som skulle skje.

- Det var journalistlekkasje, seier Takvam med smil om munnen.

Sjølv om dei hadde kjente diktarmødrer, følte dei ikkje særleg press heimanfrå om å bli gode på språk.

- Eg las ikkje mi første bok før eg byrja i militæret, seier Olav Vesaas.

Om dei ikkje vart pressa heimanfrå til å gå språkvegen, har dei likevel  begge to gitt ut bøker. Det vitnar om gode språkgen.

Utvalde dikt

Før dei kom til samtalen, skulle både Vesaas og Takvam ta med seg sitt favorittdikt frå si mor. Dei las begge opp sine utvalde dikt, og slik vart avslutninga på samtalen ei fin og verdig stund.

Olav Vesaas hadde plukka ut diktet «Ung son». Dette diktet vart sendt til han i brev og var meint for han.

- Eg hadde alltid nær kontakt med mor og me var knytt saman.

Magnus Takvam valte «merke etter liv». Bodskapet i diktet gjenspegla hennar forfattarskap.

- Marie hadde ein bevisstheit om døden, og ho meinte at det skulle synast at ein har levd livet.

Magnus Takvam sa også i samtalen, at hans mor var open om sine psykiske problem og alkoholmisbruk.

Nøgd publikum

Mange hadde tatt turen til Flåm denne helga. Dei kunne vitje eit variert program frå morgon til kveld, der også båttur med musikk, var inkludert på programmet.  Fretheimsalen på ærverdige Fretheim Hotel var arena for mange av litteraturinnslaga, den var fullsatt med eit nøgd publikum.

Prosjektleiar Torunn Todal Laberg var nøgd med helga så langt. Ho har mange jern i ilden denne helga, og vonar at arrangementet skal innfri.

PROSJEKTLEIAR: Torunn Todal Laberg var nøgd med helga så langt.
PROSJEKTLEIAR: Torunn Todal Laberg var nøgd med helga så langt.
Til toppen