LEIE: Alle tre på dette biletet, og resten av formannskapet òg, var resignerte og leie over å ikkje røysta for å halda friluftsbassenget på Årdalstangen ope til sommaren. Dei tre, og til sist heile formannskapet med dei, konstaterte at millionen som trengst for å gjera dei naudsynte oppgraderingane, ikkje er å oppdriva.
LEIE: Alle tre på dette biletet, og resten av formannskapet òg, var resignerte og leie over å ikkje røysta for å halda friluftsbassenget på Årdalstangen ope til sommaren. Dei tre, og til sist heile formannskapet med dei, konstaterte at millionen som trengst for å gjera dei naudsynte oppgraderingane, ikkje er å oppdriva. (Foto: Snorre Sandemose)

Politikarane sa nei til å opna bassenget på Årdalstangen i sommar

Formannskapet i Årdal kommune kom fram til at kommunen ikkje har råd til både å drifta bassenget i år og til å setta det i forsvarleg stand. 

Årdal: Etter at rådmannen hadde fått rekna ut at det kostar ein million kroner for å i det heile kunne opna bassenget, rådde han politikarane frå å opna det til sommaren. 

– Bassenget er eit velferdstiltak for born og unge. Det er synd at me ikkje har kunna vedlikehalda det tilstrekkeleg, sa Marie-Helene Hollevik Brandsdal, leiaren i Årdal Ap.

– Det handlar om lik symjerett for alle dei unge i kommunen. 

Ho ynskte ikkje å stø framlegget til rådmannen utan vidare, men ville heller ta saka vidare til drøfting i neste kommunestyre. På den måten ville ungdomen og idretten ha fått høve til å uttala seg i mellomtida.

Vedtaket frå før jul om å halda friluftsbassenget ope vart forkasta

På kommunestyremøtet før jul vart det vedteke å halda friluftsbassenget på Årdalstangen ope til sommaren, men det var før ein visste at det treng ei oppgradering til éin million kroner.

Bjørn Havro og Thomas Norheim Moen frå Senterpartiet var blant dei som støtta opp om tilrådinga frå rådmannen med det same. 

– Det hjelper ikkje å drøfta dette med ungdomsrådet og idrettsrådet når me ikkje har pengane, sa Norheim Moen.

Før det hadde nemleg Hollevik Brandsdal nemnd desse to råda som døme på instansar som burde få koma med eit høyringsutsegn før kommunestyret tek stilling til saka. 

Det står ikkje mellom Vettisfossen og basseng

Thomas Norheim Moen (Sp) hadde lese i sosiale medium at folk meinte bassenget burde prioriterast over utkikspunkt på Vettisfossen.

– Når det gjeld Vettisfossen og utkikspunktet, so kan dei ikkje samanliknast, sa han.

Ei tidlegare utgåve av artikkelen slo fast at finansieringa for utkikspunktet allereie er vedteke. Det stemmer ikkje, og feilen har blitt retta.

Han forklarer at dersom kommunen hadde investert i utkikspunkt, so ville det ha krevd eit like stort lån som å pussa opp bassenget. Men kostnadane på sikt ville uansett ha vore heilt forskjellige. Opprusting av utandørsbassenget ville nemleg ha gitt framtidige utgifter til drift. 

Moen meiner pengane det kostar å drifta bassenget heller bør gå til å oppretthalda so mange kommunale stillingar som råd. 

– Å driva dei lovpålagte tenestene godt må få høgste prioritet. Dagens regjering gjev oss ikkje for mykje pengar, og då lyt me effektivisera den kommunale drifta. 

Ikkje garantert å få spelemidlar

Brandsdal synest det er leit at Årdal kommune ikkje har vore frampå og søkt om spelemidlar til å halda bassenget ope. Sist kommunen gjorde det, er ti år sidan, kunne ho fortelja. 

Rådmann Olve Fossedal minna om at det er eit «etterslep» på spelemidlar. Sjølv om kommunen får tildelt spelemidlar til å halda ope eit basseng, so kan det ta mange år før dei er på plass, og ein kan ikkje vita når. 

– I mellomtida vil kommunen uansett kunna pådra seg auka lånegjeld, sa Fossedal. 

Thomas Norheim Moen fortalde til Porten.no etter møtet at det kanskje ikkje vil vera mogleg i det heile for Årdal kommune å få spelemidlar til bassenget.

– Dei fleste kommunane i fylket har ikkje noko offentleg utandørsbasseng, og då er det langt frå sikkert om Norsk Tipping vil løyva midlar til oss for at me skal kunne klara å halda to opne. 

Samrøystes vedtak

Då Bjørn Havro tok ordet, gjorde han det klart at framtida til utandørsbassenget i verste fall står på spel. Likevel røysta også han for å stø rådmannen sitt framlegg. Det gjorde MDG òg.

– Me i MDG tykkjer dette er veldig vanskeleg. Me har heller ikkje funne den millionen som trengst til å oppgradera bassenget. Då kan me ikkje ha det ope i 2018, sa Sandra Opheim. 

Til slutt vedtok formannskapet samrøystes framlegget til rådmannen om å ikkje senda saka vidare til kommunestyret. 

Dermed må det koma ein million kroner frå andre kjelder enn den kommunale kassa, om bassenget skal opnast i 2018. 

Treng ikkje vera kroken på døra for alltid for bassenget

Slik det ser ut no, er det ikkje noko som tyder på at kommunen skal få betre råd neste år. 2019 er nemleg det fyrste året kommunen ikkje lenger vil få dei gamle skatteinntektene frå Hydro på verk og bruk.

Høgre har lova at ei kompensasjonsordning vil koma på plass, slik at industrikommunar som Årdal ikkje skal gå på ein kraftig økonomisk smell. Men det festar ikkje politikarane i Årdal lit til at vil skje, noko som òg vart drøfta på møtet. 

Trass i slike dystre utsikter, har ikkje politikarane avskrive utandørsbassenget på Årdalstangen. 

– Me skal i gong med nye sentrumsplanar for Årdalstangen, og då vil dette koma opp som tema, sa Opheim. 

Det var eit poeng som vart gjenteke av fleire på formannskapsmøtet.

Til toppen