OPNAR TIL SOMMAREN: Friluftsbassenget på Årdalstangen vert opna til sommaren 2016 også. Det vedtok fleirtalet i kommunestyret torsdag. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
OPNAR TIL SOMMAREN: Friluftsbassenget på Årdalstangen vert opna til sommaren 2016 også. Det vedtok fleirtalet i kommunestyret torsdag. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. (Foto: Ina Eirin Eliassen/arkiv)

Mogleg å få bassenget i drift i sommar

Idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland, fortel at det er teknisk mogleg å få friluftsbadet på Årdalstangen i drift att i sommar. 

– Forutan nokre ventilar som dei er usikre på tilstanden på, så skal det vera mogleg å få det i gong att i sommar, forklarar han.

Ønsket om å fylla bassenget med vatn att er sterkt etter at Bodil Selland Nordnes og Reidun Fodnes sette i gong ein underskriftskampanje som dei vil levere i kommunestyremøtet 28. mai. Dei to har sett seg lei av at barn og unge manglar eit bassengtilbod på Årdalstangen.

Då opningstida i friluftsbassenget i Øvre Årdal vart vedteken utvida for eit par veker sidan, kom det fram at prislappen på å drifta bassenget på Årdalstangen låg på rundt 550 000 kroner mot 220 000 kroner i Øvre Årdal.

Spillvarme

Nordnes og Fodnes stiller spørsmål ved korleis dette er mogleg når bassenget i Øvre Årdal er dobbelt så stort som det på Årdalstangen. Det har Hovland svaret på.

LES OGSÅ: Sankar underskrifter for å få vatn i bassenget att

– Fordi me må anten fyra med straum eller olje. I Øvre er det ikkje noko problem fordi ein får spillvarme frå Hydro, som me brukar til å varma opp bassenget, og då har me ingen andre driftskostnader enn ei lita pumpe som står på verket, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

UNDERSKRIFTSKAMPANJE: Reidun Fodnes og Bodil Selland Nordnes samlar inn underskrifter for å få opna friuftsbassenget på Årdalstangen att. 
UNDERSKRIFTSKAMPANJE: Reidun Fodnes og Bodil Selland Nordnes samlar inn underskrifter for å få opna friuftsbassenget på Årdalstangen att. 

Berre dette åleine er ein utgiftspost på mellom 200 000 og 250 000 kroner, fortel han. I tillegg skal ein betala for å ha badevakter som kostar rundt 150 000 til 200 000. Dette er dei største utgiftspostane. Utan på dette kjem kostnader på kjemikaliar og anna vedlikehald.

Sparar i straumbruk

Straumbruken på bassenget på Årdalstangen er ikkje skilt frå rådhuset. Prislappen er difor estimert ved at ein har sett kva ein sparar ved ikkje å ha bassenget i bruk. 

– Me ser kor mykje me sparar på straumrekninga. Me veit kor mykje straum me brukar, og me veit kor mykje det kostar å ha badevakter og omtrentleg kor mykje kjemikaliar kostar. Slik er det, seier Hovland. 

Likevel, dersom det er vilje til det, kan friluftsbadet på Årdalstangen opnast i sommar, men kanskje ikkje til den same opningstida som i Øvre Årdal. Hovland forklarar at dei brukar rundt fire veker på å fylla vatn i bassenget og klargjera.

Får kritikk

Sentrumsutviklinga på Årdalstangen har kome på dagsorden den siste tida etter at Ole Vidar Øren (H) sendte ein førespurnad til Arild Ingar Lægreid (Ap) i førre kommunestyremøte, der han lurte på kva ordføraren tykte om utviklinga her.

LES OGSÅ: Uroa over utviklinga i sentrum på Årdalstangen

Ein viktig del av denne utviklinga er friluftsbassenget. Eit av forslaga til Øren var kommunen nødvendigvis ikkje måtte drifta det og føreslo samstundes Klingenberg Hotell. 

Artikkelen held fram under biletet.

SENTRUMSUTVIKLING: Ole Vidar Øren (H) er uroa over utviklinga som har vore i sentrum på Årdalstangen den siste tida.
SENTRUMSUTVIKLING: Ole Vidar Øren (H) er uroa over utviklinga som har vore i sentrum på Årdalstangen den siste tida.

Anne Kauppi (Ap) svarte då at ein spørjerunde vart gjort då bassenget vart vedteken mellombels stengt, men at verken tredje sektor eller næringslivet ville ta på seg oppgåva å halde bassenget opent. Kauppi sa også at dei ville prøva å finna plass til det i budsjettet for 2016.

– Det eg reagerer på er at Anne Kauppi seier at ein kan prøva og sjå om ein får plass til det i budsjettet for 2016. Valflesk kan reisa vekk med. Viss dei vil, klarar dei det, seier Nordnes og fortel vidare at ho har snakka med verksemder som ikkje er spurt.

Bombastisk

Kauppi innrømmer at ho var litt bombastisk då ho frå talarstolen sa dei hadde utfordra tredje sektor og næringslivet. Ho forklarar at kommunen utfordra Reisemål Årdal og idrettskonsulenten til å finna løysingar. 

LES OGSÅ: Vil utvida opningstida i friluftsbassenget

–  At næringslivet vart invitert med på ein dugnad, var ikkje det eg meinte å seia. Reisemål Årdal såg på ulike betalingsløysingar som sesongkort. Dei utfordra også nokre butikkar på å vera med, men her kom dei ingen veg. Det dei kom nokon veg med var tredje sektor. I Øvre fekk dei til ei løysing, men ikkje på Årdalstangen, seier ho.

Ho legg også til at Årdalstangen har fått kanskje eit av dei finaste skuleområda i Sogn, at badeplassen i Seimsdalen er utbetra og at med dei nye opningstidene i Øvre Årdal, så kan brukarane på Årdalstangen ta bussen og vera der til dørene opnar i staden for å måtta venta ein time, slik som før.

Mellombels stengt

Kauppi seier vidare at ho synest dette er ei vanskeleg sak og at ingenting hadde gleda ho meir dersom friluftsbadet på Årdalstangen vart opna att. 

– Men me skal driva ansvarleg politkk også. Dette er ein del av budsjettarbeidet, og til no har me sluppe å seia opp nokon med det nedtaket ein har gjort. Sett litt på spissen; skal me seia opp ein lærar for at bassenget skal haldast opent om sommaren?

– Eg må også presisera at det ikkje er stengt for godt. Det er mellombels stengt, og det har det vore kvart einaste år. Det var det eg meinte då eg sa at dette kan me ta opp att i budsjettet for 2016. Eg har vore den som har passa på at bassenget er med i kvar einaste budsjett. Eg føler eg har vore ein pådrivar for å spørja administrasjonen om at det er lagt inn. Eg har spurt, det har ikkje Senterpartiet eller Høgre, seier ho og understrekar at det var Ap sitt forslag å utvida opningstidene i Øvre Årdal.

Til toppen