HARDT, MEN GØY: Nils Tore Krosshaug meiner det går an å ha det gøy på trening sjølv om blodpumpa får køyrt seg. Torsdag var i Årdal for å spre bodskapen til både spelarar og trenarar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
HARDT, MEN GØY: Nils Tore Krosshaug meiner det går an å ha det gøy på trening sjølv om blodpumpa får køyrt seg. Torsdag var i Årdal for å spre bodskapen til både spelarar og trenarar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

– Mogleg å ha det gøy sjølv om treninga er hard

Spelar- og trenarutviklar i Sogndal Fotball, Nils Tore Krosshaug, meiner ein må tore å tøye strikken meir i ungdomsfotballen.

Årdal: I stillinga si har Krosshaug ansvar for spelar- og trenarutvikling i Sogndal Fotball, men han reiser også rundt i fylket og besøker klubbar. Torsdag kveld var han i Årdal. 

Der fekk ei gruppe ungdommar verkeleg køyrt seg under leiinga av den tidlegare Årdal-trenaren, som dirigerte, ropte og motiverte med si kraftfulle røyst.

– Me vil at ungdommane skal trykka litt meir til på trening i form av meir intensitet, der ein utviklar meir kapasitet per spelar og individuelle ferdigheiter. Det handlar om å gi eit bilete av at ein må tore å ta i litt meir på trening, seier han.

Kan vere både seriøst og moro

Spelarutvikling er eit heitt tema med mange meiningar. Å få til ein balanse mellom å inkludere alle samstundes som ein utviklar den neste toppspelaren, er ingen enkel jobb. Men god intensitet på trening har alle godt av, meiner Krosshaug.

– Det må ikkje vere gøy på den eine sida og seriøst på den andre. Det går an å gjere begge deler, og eg er sikker på at med høg intensitet, så vert det moroare fordi det blir spel mot spel og ein drar på litt, seier han.

– Me må tore å utfordre ungdommane litt, og så må me akseptere at me kanskje må hoppe av på vegen, men det er heilt okay for då har dei lagt ned eit arbeid som er med på å skapa utvikling, og så vil ein klara meir og meir etter kvart. 

Helseeffekt

I tillegg til å ha ansvar for spelar- og trenarutviklinga i Sogndal, har Krosshaug ein stall i fylket som han følgjer opp tett. Når det er rom for det, reiser han til andre klubbar som ønskjer besøk. Torsdag var fleire trenarar i både barne- og ungdomsfotballen på plass for å få med seg økta. Etterpå var det ein seanse i klubbhuset.

– Å dra på litt på treningane er bra for både toppspelaren og breiddespelaren. For det er ein helseeffekt her også. Eg plar seie at viss ungane vil trene hjartet, kan dei kome til meg, og vil dei trena «røvi», kan dei sitja heime – sett litt på spissen, smiler han.

– Og det er jo ingen her som har reist heim att. Eg trur dei har hatt det ganske gøy sjølv om treninga er hard. Då får dei testa seg sjølv og får gjerne ei betre oppleving fordi dei klarte meir enn dei trudde.

Skal ikkje berre utvikle toppspelarar

Når ein driv med utvikling, handlar det ikkje berre om å få fram den neste toppspelaren som skal hevde seg i Eliteserien, men også referansespelarar.

– Det kan vere referansespelarar i Førde, Florø eller Årdal, anten det er i 2. eller 3. divisjon. Det er berre dei færraste som når heilt opp, men mange kan bli gode referansespelarar i eigen klubb. 

Til toppen