POTENSIALE: Arild Ingar Lægreid (Ap) ser potensiale i kommuneøkonomien til Årdal. Her saman med rådmann Olve Fossedal på tysdagens Robek-seminar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
POTENSIALE: Arild Ingar Lægreid (Ap) ser potensiale i kommuneøkonomien til Årdal. Her saman med rådmann Olve Fossedal på tysdagens Robek-seminar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Mogleg å hente pengar utan at det går for mykje ut over tenestene

Arild Ingar Lægreid (Ap) seier han kjenner seg att skildringa om politisk vegring då Årdal kommune havna på Robek.

Årdal: – Politisk er det ikkje lett å gjera noko med strukturar, og når det gjeld politisk vegring, kjenner eg meg att i dei skildringane. Det må eg berre vera ærleg på.

Det seier ordføraren i Årdal etter ein gjennomgang av potensielle budsjettsparande tiltak saman med KS tysdag. Seminaret er det same som gjekk føre seg i Lærdal måndag og kjem av at Årdal er med i eit såkalla Robek-nettverk.

Der gjekk seniorrådgjevar Anne-Bjørn Aspheim og spesialrådgjevar Geir Halstensen i KS gjennom typiske årsaker til at ein kommune havna på Robek og kva område dei såg potensiale på for Årdals del.

Potensiale i økonomien

Tilsette i administrasjonen og politikarar deltok på seminaret i kinosalen på Årdalstangen. Med matematikken i bakhand kunne dei to rådgjevarane slå fast at det absolutt var mogleg å spare meir pengar i Årdal.

– Me får fokus på økonomien på ein heilt annan måte enn viss me ikkje hadde vore med på dette. Me går djupare ned på nokre område, og eg trur me kan henta pengar utan at det går for mykje ut over tenestene, og det er målet vårt som politikarar, held Lægreid fram. 

– Me har gjort mykje i 2015 som ikkje visast i desse tala her i dag. Me har senka driftsbudsjettet med mange millionar utan oppseiingar, så her er gjort ein kjempejobb av alle, og me håpar det viser seg som resultat i slutten 2015 – at me kan leggja fram eit budsjett for 2016 som gjer at me kjem ut av Robek når neste år er omme.

Tidlegare djupdykk

Aleksander Øren Heen (Sp) nikkar. Også han finn mykje lærdom i dette, men poengterer at det har blitt gjort liknande analysar tidlegare, der mykje av det same har kome fram.

Artikkelen held fram under biletet.

FRAMOVERLENT: Aleksander Øren Heen (Sp) tykte det var nyttig lærdom, men påpeikte at dette har blitt sagt før, men kanskje ikkje like tydeleg.
FRAMOVERLENT: Aleksander Øren Heen (Sp) tykte det var nyttig lærdom, men påpeikte at dette har blitt sagt før, men kanskje ikkje like tydeleg.

– Det er dei same områda som kjem att og viser kor det teoretisk er eit handlerom. Me visste det, men me gjekk ikkje djupt nok ned. Det vart for generelt, og eg trur ikkje politikarane klarte å sjå på detaljnivå kor grepa måtte takast. Det føler eg kjem betre fram no, seier han.

Med bakgrunn i dagens lærdom trur Lægreid at det er mogleg for Årdal kommune å innfri det Arbeidarpartiet gjekk til val på, nemleg å kome seg ut av Robek og deretter ha eit overskot på 10 millionar årleg deretter.

– Det er eit klart mål, og det er eg sikker på at me skal klara, seier han.

Framleis for høgt driftsnivå

I Årdal som i Lærdal ramsa Halstensen opp typiske brannslukkarar ein kommune gjennomfører når økonomien skrantar. 

– Har de vore gjennom dette? spurte han og blei møtt med nikkande smil frå folk som kjende seg igjen. Gong på gong påpeikte han at ein måtte gå på dei områda dei store pengane låg.

Nettopp det meiner rådmann Olve Fossedal at dei gjer. Han gjentek den same frasen i nesten kvart einaste formannskapsmøte og viser til omstillingsprosjektet kommunen var gjennom tidlegare i år, og som sparte dei 10,8 millionar kroner.

– Det som er poenget no er å gå vidare, for me er ikkje i mål. Det er framleis eit for høgt driftsnivå, men då må politikarane få innsyn i kva som er dei store utfordringane, kor dei store pengane ligg, og ikkje gå laus på ting som ikkje har nokon effekt. 

Fossedal trur det er viktig at både politikarar, leiarar og tilsette får høyra dei same tinga og tar metodane for kartlegging av måten ein brukar pengar på med seg vidare. 

Til toppen