FIN KVELD: Fredag kveld kan bli sjåande om lag slik ut. Også i starten av komande veke kan ein kanskje få høve til å sjå vakre solnedgangar frå svaberg. Foto: Jan Christian Jerving
FIN KVELD: Fredag kveld kan bli sjåande om lag slik ut. Også i starten av komande veke kan ein kanskje få høve til å sjå vakre solnedgangar frå svaberg. Foto: Jan Christian Jerving

Moglegheit for godvêr

..men fleire dagar på rad med noko lunde stabilt finvêr må me framleis venta litt på.

– Det kjem ein svak høgtrykksrygg inn frå vest. Den gir oss lange periodar med fint vêr frå Nordland og sørover, seier vakthavande meteorolog i StormGeo, Mariann Aabrekk, til TV 2.

Den "lange" perioden er i dag, fredag. Sjølv om det har starta grått skal det bli riktig så fint utover ettermiddagen og kvelden i våre områder - oppimot 20 grader og sol frå meir eller mindre skyfri himmel, skal ein tru timevarselet på yr.no. Men gleda er rimeleg kortvarig.

Håplaus søndag

– No må eg øydelegge helga for mange, for det ser ikkje særleg lovande ut. Eit lågtrykk skal sørge for mykje pålandsvind og 50-80 mm regn dei mest utsette plassane, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til yr.no.

Om ein skal klamra seg til eit håp kan det sjå ut til at den verste bygeaktiviteten kjem i ytre strok. Utifrå timevarselet til yr.no blir det noko regn på morgonen laurdag før lettskya, greitt vêr tek over midt på dagen - og så slår det til att med meir regn mot kvelden. Dei store temperaturane er det ikkje snakk om - rundt 17-18 grader dagtid.

Søndag ser førebels rimeleg håplaus ut - regn heile dagen og tempen skal kjempa for å koma seg over 15 grader. 

Høgtrykksrygg

Men, så kan det vera håp - ein høgtrykksrygg skal byggja seg opp i løpet av måndagen.

– Det ser positivt ut, men vi kan ikkje love noko enda, seier Fagerlid.

Utifrå sannsynsvarselet til yr.no ser det ut til at det frå måndag kveld til onsdag kan bli riktig fint sommarvêr med stort sett sol og lite vind. Noko kjøleg i starten, men når me kjem til onsdag bikkar tempen 20 grader, slik det ser ut no. Storm melder mykje det same.

Frå torsdag verkar varsla for usikre til å tolka nokon trend ut av.

Til toppen