Etter suksessen i fjor der Moldestad spelte for utselde hus, er no det klart for den nye førjulsturnéen "Vintersong". I tillegg til konsertane kjem Moldestad med tre nye låtar på ein jule-EP.
Vintersong er også tittelen på songen Moldestad skreiv til turnéen i fjor. Moldestad forklarar at alle dei sterke uttrykka frå media og ei verd i uro, som fekk ho til å skrive akkurat denne songen, melder presseansvarleg for Sigrid Moldestad i ei pressemelding.
Vil gi støtte og håp
No som situasjonen er enda verre, vil Moldestad markere si støtte til dei som no er i naud gjennom årets konsertar.
– Det er viktig at me engasjerer oss. Me som artistar kan bidra gjennom vårt arbeid, ikkje berre gjennom stønad, men også med å gje håp og pause frå inntrykka me får. Musikk har ei kraft på menneske, og eg trur at folk sine behov for å vere saman, sitte tett, oppleve, høyre og sanse er noko av grunnen til at julekonsertane samlar så mange. Me treng å vere ilag, seier Moldestad.
Nye uttrykk og velkjende julesongar
Årets ramme er ekstra nær og intim, der Moldestad har med seg strykekvartetten Oslo Strings, som er kjende for å utfordre gensene for kva eit strykeensemble skal vera. Dei har jobba med artistar frå Karpe Diem, Marit Larsen og Kurt Nilsen til meir tradisjonelle klassiske uttrykk.
– Eg gler meg veldig til å skape musikk og kveldsstunder saman med desse fantastiske musikarane. Det vert utrulig spanande og spele nye versjonar av mine eigne songar og eg trur det blir inspirerande å utforske nye uttrykk i både dei og i meir velkjende julesongar, seier Moldestad.
Moldestad skal besøke konserthus, kyrkjer og forsamlingshus i vekene før jul. Turnéen "Vintersong" startar 27. desember i Åsane. Moldestad speler i kulturhuset i Årdal, fredag 11. desember.