KLIMAENDRINGAR: Monika Lysne, arealplanleggar i Lærdal kommune, synte deltakarane på klimakonferansen korleis klimaendringane påverkar jobben hennar.
KLIMAENDRINGAR: Monika Lysne, arealplanleggar i Lærdal kommune, synte deltakarane på klimakonferansen korleis klimaendringane påverkar jobben hennar. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Nasjonal klimakonferanse

Monika synte korleis klimaendringane har påverka jobben hennar

Det er mange omsyn ein må ta når ein driv med arealplanlegging i dag. Stadig oftare spelar klimaendringane ei stor rolle.

Lærdal: Først kom ekstremvêret Dagmar. Så vart Lærdal råka av ein av dei største brannane ein har vore vitne til i Noreg på mange år. På toppen av dette vart kommunen oversvømd av vatn hausten 2014.

Alt er eit resultat av klimaendringane. Er det noko som er sikkert, så er det at det vil skje igjen. Korleis ein kommune tilpassar seg desse endringane var tema då den nasjonale klimakonferansen opna tysdag ettermiddag.

På morsomt vis synleggjorde arealplanleggar i Lærdal kommune, Monika Lysne, korleis klimaendringane spelar ei rolle når ein ønskjer å etablera eit bustadfelt i nærleiken av skule og sentrum for å hindre at folk må bruka bilen. Det i ein kommune med berre ti prosent areal som ligg under 800 meter.

– Dei største utfordringane er at det er så ulike scenario. Skal me førebu oss på det verste? Me er allereie kome forbi dei mildaste scenaria. Ta til dømes havnivåstigning som vil råke store delar av Lærdalsøyri dersom det verste skulle skje, forklarar ho.

OMSYN: På ein morsom og illustrerande måte synte Lysne korleis klimaendringane gjorde det vanskelegare og vanskelegare å etablera eit bustadfelt rundt Lærdalsøyri.
OMSYN: På ein morsom og illustrerande måte synte Lysne korleis klimaendringane gjorde det vanskelegare og vanskelegare å etablera eit bustadfelt rundt Lærdalsøyri. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

Mange omsyn

Rundt 140 personer er meld på årets klimakonferanse i Sogndal. Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som arrangerer konferansen i samarbeid med NVE, Statens vegvesen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Vestlandsforsking, Innovasjon Noreg og Høgskulen på Vestlandet. Mykje vil handla om korleis ein tilpassar samfunnet for å møte klimaendringane.

– Dette kjem litt på toppen av alt. Det er mange omsyn me som arealplanleggarar skal ta allereie. Det mest frustrerande er at dette er så uhyre viktig. Det er heilt naudsynt å ta det med, seier Lysne.

– Heldigvis har instansar som fylkeskommunen, NVE og Fylkesmannen lenge snakka om dette. Difor kjem det ofte innspel frå dei som går på akkurat desse tinga når me lagar planar. Men når alle sit på kvar si tue og passar på sitt fagområde, kan det bli voldsomt når dette vert kasta inn til kommunen. 

Gode og trygge metodar

Det som er heilt sikkert, er at det vil koma nye flaumar, nye ras og nye vindkast som kan gjera store øydeleggingar på infrastruktur og vegar. Difor gjeld det å vera best mogleg førebudd.

– Då folk busette seg i områda i Lærdal for 50 år sidan, gjorde dei meir skjønnsvurderingar. Det låg lite fagkompetanse bak. I dag har me mykje betre metodar og tryggleik rundt analysane. 

I Lærdal er det gjort fleire tiltak etter flaumen i 2014. Mellom anna er kommunen samd med NVE om å flaumsikra Lærdalselvi, der NVE tek 80 prosent av kostnadene. 

Til toppen