HELSA PÅ ÅRDØLENE: Etter sendinga var det mange årdøler, unge som gamle, som ville helsa på ekspedisjonsfararen.
HELSA PÅ ÅRDØLENE: Etter sendinga var det mange årdøler, unge som gamle, som ville helsa på ekspedisjonsfararen. (Foto: Sunniva Knutsen)

Monsen imponert over årdølene: – Eit overveldande oppmøte

Ekspedisjonsfararen seier han vil hugsa turen igjennom Jotunheimen lenge, og er mektig imponert over årdølene.

Årdal: Sundag vart det satt endå ein publikumsrekord då Sommeråpent sendte direkte frå Utladalen. 

Æresgjest Lars Monsen var svært nøgd med turen igjennom Jotunheimen, og sa seg mektig imponert av folkefesten på Svalheim:

– Det er overveldande. Eit slikt oppmøte som her nede - det er heilt fantastisk. Det viser at bygda stiller opp og er stolte over naturen sin. Det har de verkeleg grunn til, seier han til Porten.no.

Monsen: – Vil hugse turen lenge

Monsen og Sommeråpent sette i førre veke ut på turen som vil ta dei igjennom norsk natur, og  har saman med kjendisar og ivrige publikummarar funne vegen over Hardangervidda og gjennom Jotunheimen. 

I Jotunheimen har dei vore innom Sognefjellshytta, Fannaråki, Fleskedalen og tilslutt Utladalen. Naturen og landskapet i Sogn har sett stort preg på ekspedisjonsfararen:

PÅ DIREKTEN: Programleder Tarjei Strøm er den stolte eigar den fyrste Lars Monsen tattoveringa, teke på direkten i Årdal. Foto: Sunniva Knutsen

– Turen gjennom Utladalen har vore ei fantastisk oppleving, det er verkeleg ein tur eg kjem til å hugse lenge. Vetti, og Hurrungane og Jotunheimen, det har vore ein skikkeleg opptur heile vegen, seier Monsen. 

Han fortel at turen hittil har vore heilt spesiell:

– Det er jo nytt for meg å ha med så mange på tur, men det har eigentleg gått veldig fint. Me har blitt som ein stor familie. Det har ikkje vore nokon sure menneske, og berre tur «spiriten» gjeld, då er det enkelt eigentleg! seier han med eitt smil. 

Årdøl (84): – Monsen går så seint

Det var mange årdøler som tok turen til Svalheim gard både sundag og laurdag. Oppmøte sat publikumsrekord laurdag, noko som berre toppa seg dagen etter. 

Nokre av dei som venta spent på å få sjå folkehelten var 84 år gamle Helge Moen og bornebornet Ida (8) frå Årdal.

Saka held fram etter biletet. 

FJELLVAND: Helge Moen (84) har gått mykje i fjella i Sogn, og går dagleg tur til Hjelle og Utladalen. Her med bornebornet Ida (8). Foto: Synne Asheim Haga

Moen har følgt med på heile turen på TV. Han er ein fjellmann sjølv, og har gått alle rutene Monsen og Sommeråpent går. 

– Eg er så godt kjend oppi fjella her, det er ikkje mange som kan måla seg med meg når det gjeld det, smilar han. 

Han tykkjer at det er litt rart å sjå Monsen gå rutene i fjella som han er så kjend med.

– Det er litt trasig å sjå. Han går så seint, seier han og ler.  før han legg til: 

– Det er jo så mange som føljer etter, så han må jo ta hensyn til det. Men desse rutene pleide eg å løpe igjennom, spesielt oppe på Hardangervidda, seier han med glimt i augo. 

Moen fortel at han var glad i å springa då han var yngre. 

– Eg var faktisk ein av dei beste i landet på 800 meter, men dét er lenge sidan no. 

SMIL: Det var mange smil å sjå på Svalheim sundag - og mange bileter vart tekne! (Foto:  Sunniva Knutsen)
SELFIE: Herman Flesvig og Stian Sandø var populære blant dei unge sogningane som flokka rundt TV-personligheitene. (Foto:  Sunniva Knutsen)
PÅ DIREKTEN: Programleder Tarjei Strøm er den stolte eigar den fyrste Lars Monsen tattoveringa, teke på direkten i Årdal. (Foto:  Sunniva Knutsen)
SPENTE: Å vera med på TV-sending, var spanande for mange. (Foto:  Sunniva Knutsen)
(Bilde: Sunniva Knutsen)
(Bilde: Sunniva Knutsen)
(Bilde:  Sunniva Knutsen)
(Bilde:  Sunniva Knutsen)
BAK KAMERA: Det var mange sogningar som tok turen til Svalheim for å sjå Sommeråpent direkte. Ein ny publikumsrekord, ifølgje vertane. (Bilde:  Sunniva Knutsen)
(Bilde:  Sunniva Knutsen)
HELSA PÅ ÅRDØLENE: Etter sendinga var det mange årdøler, unge som gamle, som ville helsa på ekspedisjonsfararen. (Foto: Sunniva Knutsen)
Til toppen