KØYRDE I AUTOVERN: Ein 75 år gamal mopedførar har køyrt i autovernet i Marifjøra, Luster.
KØYRDE I AUTOVERN: Ein 75 år gamal mopedførar har køyrt i autovernet i Marifjøra, Luster. (Foto: Google Maps)

Mopedførar (75) køyrde i autovernet i Luster, vert frakta til sjukehus med luftambulanse

Klokka 17:04 fekk politiet melding om ulukka.

Luster: Ein 75 år gamal mopedførar har køyrt i autovernet ved ein oppkøyrsel til Lambhaug på riksveg 55 i Marifjøra, Indre Hafslo, skriv Vest politidistrikt på Twitter

Klokka 17:51 opplyser politiet at  føraren vert frakta til sentralsjukehuset i Førde, og skriv at det er usikkert om han hadde nytta hjelm. 

Klokka 17 sundag kveld rykka naudetatane ut til mopedulukka. Føraren har fått kutt på venstre sidan av hovudet, og er teken inn i ambulanse.

Han verkar våken og orientert, opplyser politiet.

Til toppen