STYGG ULUKKE: Vegen mellom Sogndal og Leikanger vart stengt i fleire timar i går etter ei trafikkulukke. Ein person vart alvorleg skada.
STYGG ULUKKE: Vegen mellom Sogndal og Leikanger vart stengt i fleire timar i går etter ei trafikkulukke. Ein person vart alvorleg skada. (Foto: Jo Marius Bøyum)

Mopedist (22) alvorleg skadd etter kollisjonen med lastebil

Haukeland universitetssjukehus har kome med ei første oppdatering på helsetilstanden til den skadelidne etter ulukka på Slinde utanfor Sogndal i går.

Sogndal: Mannen som i går kolliderte med ein lastebil på moped er alvorleg skada. Det melder Haukeland universitetsjukehus i ei pressemelding i 11-tida i dag.

Det var klokka 20.22 i går at politiet fekk melding om ulukka, som skjedde på Slinde utanfor Sogndal. Helsepersonell var raskt på staden.

Ein knapp time etter ulukka vart føraren av mopeden frakta til Haukeland universitetssjukehus i helikopter.

Politiet kunne i går melda at lastebilføraren var fysisk uskadd, men prega av situasjonen. Når det gjaldt mopedføraren vart det rapportert om store blødningar. Utover kom det ikkje noko nytt om helsetilstanden før i dag føremiddag.

Politiet har sagt at dei har danna seg eit bilete av hendinga, og at saka vil bli etterforska. 

Til toppen