Sønnerheim er 85 år og vart tidlegare i år attvald som leiar i stiftinga «Venner av Aurlandsdalen.» Stiftinga har som mål å halda ved like og utvikle dalen, og stø opp under at folk opprettheld interessa for dalen.
Tykte ikkje det var so viktig å vinna prisen.
Då Porten.no ringde og gratulerte henne med nominasjonen den 11.november, var ho ganske smålåten i telefonen.
– Eg har ingen ynskje om å få nokon fylkeskulturpris, det må eg seia. Eg har fått prisar før, både frå kommunen og elles, og det held lenge, sa ho då.
Men so sa ho at ho lurte på om ho ikkje hadde vorte nominert til fylkesprisen i fjor òg, og la til at ho syntest det var veldig hyggjeleg. Men ho tykte det er nok å vera nominert, å vinna sjølve prisen var ikkje so viktig. Om det å verta nominert, sa ho:
– Synest du det er kjekt at alt arbeidet du har lagt ned for å verna om kulturlandskapet i Aurland vert verdsett som viktig kulturarbeid?
– Ja, visst er det kjekt, det er kjekt at det vert akta, svara Sønnerheim.
Blomemarker, elv, fjell og varierande natur.
Til Porten.no la Sønnerheim vekt på at ho også er aktiv både i pensjonistlaget og i saniteten, og at det er saman med eit heilt arbeidslag at ho har jobba for å halda Aurlandsdalen i hevd.
– I år har me lagt ned omkring 300 dugnadstimar i dalen, sa ho.
Måsetjinga er å få den gamle aurlandsdalvegen i god stand og farbar. Til sist i telefonsamtalen med Porten.no lét Sønnerheim seg i kast med litt filosoferingar omkring kva som er so skjønt med Aurlandsdalen:
– Det er ein spesiell geografi me har, med blomemarker, elv, fjell og varierande natur.
Ho la til at det var ei sann glede å halda på med dugnadsarbeid i ein slik fager dal.