MOR OG DOTTER: Anette Stegegjerdet Norberg og dottera Olina er nøgde med barnehagen sin til trass for at Luster nesten er nederst på rangeringa til Kommunebarometeret.
MOR OG DOTTER: Anette Stegegjerdet Norberg og dottera Olina er nøgde med barnehagen sin til trass for at Luster nesten er nederst på rangeringa til Kommunebarometeret. (Foto: Privat )

Mor og politikar reagerar: Luster ligg på 414. plass innan barnehage på kommunebarometeret

Av totalt 426 kommunar i Noreg ligg Luster heilt nede på 414. plass innan barnehage på kommunebarometeret.

Luster: – Det er ikkje bra, seier Anette Stegegjerdet Norberg. 

Ho er mor til Olina som går i Gaupne barnehage, og er kommunestyrerepresentant for Arbeiderpartiet i Luster.

Kjem dårleg ut 

Kommunebarometeret blei tilgjengeleg tidlegare denne veka, og der kan folk sjå korleis deira kommune ligg an innanfor diverse område. 

– Slik eg har oppfattar det har kommunebarometeret eit måltal som dei styrer etter med ulike kriterier. Så ser dei på korleis kommunen skårar på det som blir nemnt. 

Ho meiner dei ikkje må svartmåla situasjonen sjølv om det ser dårleg ut med rangeringen. 

– Det er jo ting her som kan vera bra sjølv om det på rangeringen ser dårleg ut. 

Dei tilsette i barnehagen gjer ein viktig jobb

Til dagleg har ho barnehageplass til dottera, Olina (2,5) i Gaupne barnehage.

JOSTEDAL: I barnehagen i Jostedalen er både dei tilsette og borna nøgde med barnehagen sin. Foto: Linda Watten

– For min del som møter dei tilsette i barnehagen kvar dag så forstår eg ikkje denne rangeringa. Dei er ein kjemperessurs for ungane våre og gjer så godt dei kan, det er i alle fall ikkje dei det er noko gale med, seier Norberg. 

Ansvaret ligg på politikarane 

Som politikar meiner ho at det ligg eit ansvar på politikarane i kommunen når det gjeld å tenka breitt om barnehagane.

– Som utkantskommune må me sørga for at alle born som har behov for plass får det. Det er eit større mål, ikkje berre for borna sin del, men for at me skal få fleire tilflyttarar og fleire i jobb.

Ho meiner det er viktig å ha mål og å tora tenkja annleis. 

– Me som politikarar blir gjort kjent med tilstandsrapport frå barnehage og grunnskule kvart år, og viss me då ikkje når måla våre må me kanskje sjå på, og gjera ting me ikkje har gjort tidlegare.

Luster gjekk frå best i landet til 337. plass 

Luster kommune hamnar på 337. plass i Kommunebarometeret 2018 frå Kommunal Rapport. I 2008 kåra SSB og DN Luster til den beste kommunen å bu i. Fallet frå den gong er stort.

– Det er skremmande. Det er bekymringsfullt uavhengig av korleis me ser på det og vurderar kriteria. Eg har trua på at det kan gå oppover igjen, men då må me bestemma oss for å jobba målretta med dei tinga som gjev utslag i kommunebarometeret. 

– Me må tenkja nytt 

Førde blei i år kåra til den beste kommunen å bu i. Norberg meiner dei må sjå til Førde når det gjeld førebygging i barnehage og grunnskule.

– Luster AP har hatt som raud trå at det skal satsast på førebygging. Det er der Førde seier dei skårar og det er viktig å ta med seg. Dette må vera eit satsingsområde for kommunen, og viss dette gjer til at det slår positivt ut på kommunebarometeret må me tora å tenkja nytt, seier Norberg.

Til toppen