Lærdal: – Me har berre att nokre få posar i butikken, seier dagleg leiar ved Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal.
Då Porten var innom FK-Butikken i Lærdal stod det åtte posar att i kjøledisken. Morellpakkeriet var tomt og har gjort jobben for sesongen - heile produksjonen er levert. Dermed er det i butikkane det finst von om å få seg ein smak av moreller no heilt på tampen av sesongen. For bøndene har att lite eller ingenting til direktesal.
Artikkelen held fram under biletet

– Eg har ikkje att noko, og eg veit ikkje om andre som har det heller, seier bonde Per Hjermann jr.
Den gode starten vart avgjerande
Sogn Avis melder i dag om ny avlingsrekord for morellene i Lærdal; 230 tonn vinraude bær har bøndene fått ut av årets sesong. Morelltrea til Hjermann har stått for ti prosent av desse.
– 23 tonn vart det hjå meg. Det har vore eit svært godt morellår.
Då Porten møtte Hjermann og andre morellprodusentar i starten av juni teikna sesongen godt med mykje finvêr på våren og førsommaren. Frå siste halvdelen av juni og framover var det slutt på det stabile godvêret, men det gjorde ikkje all verda.
– Utgangspunktet var så bra at det gjekk fint. Er første del av sesongen bra kan ein langt på veg styra resten sjølv.
Artikkelen held fram under biletet

Generelt godt grøntår
– I starten av juni tippa Blaaflat Mundal over to hundre tonn moreller og du nærare to hundre og femti. De fekk ganske rett begge to.
– Ja, eg tippa nærare to hundre og femti enn to hundre.
Hjermann dyrkar også poteter, gulerøter, blomkål og epler og fortel om ein god sesong på alle frontar.
– Gode prisar, godt sal og middels til gode avlingar, oppsummerer han kjapt.
– Er det morellene som står for største delen av inntekta?
– Brutto, ja, men ikkje netto. Kostnadane i morellproduksjonen er relativt store.