Mørkeblå kritikk

Anne Gine Hestetun, fylkesordførarkandidat i Hordaland, tala for eit nesten fullt Årdal Kulturhus 1. mai. 

Med dei tradisjonelle demonstrasjonstoga på Årdalstangen og i Øvre Årdal, markerte årdølene sine meiningar om arbeidsrettigheitene og velferdsgodene som er opparbeidd gjennom 100 år. 

Sjå biletegalleri øvst i artikkelen. 

Artikkelen held fram under biletet. 

Anne Gine Hestetun fekk applaus frå ståande publikum etter talen. 
Anne Gine Hestetun fekk applaus frå ståande publikum etter talen. 

Fryktar utviklinga

Anne Gine Hestetun likar å kome attende til heimbygda og prata om det ho brenner for; eit samfunn prega av fellesskap, solidaritet og lite klasseskilje. Ho legg vekt på ei samfunnsutvikling der alle har same mogelegheiter, uansett utgangspunkt.

– Difor fryktar eg den utviklinga me ser i dag, og som dagens mørkeblå regjering er ansvarleg for. Det verste er at det skjer så forferdeleg fort, seier ho. 

Artikkelen held fram under biletet.

Anne Gine Hestetun på talarstolen i Årdal Kulturhus.
Anne Gine Hestetun på talarstolen i Årdal Kulturhus.

Vidare seier ho at arbeidsmiljølova no vert reversert med den sitjande regjering sine forslag og vedtak. – Meir midlertidige arbeidsplassar, meir bruk av overtid og søndagsopne butikkar gjer oss som arbeidstakarar utrygge.

Frikjent og Lifjord

Hestetun meiner at Årdal må dra nytte av TV-serien sidan den vekkjer interesse langt utanfor landegrensene. Ho påpeikar at bygda må ha ein infrastruktur som gjer at turistane legg att pengane sine her og ikkje reiser att med ein gong. 

– Eg tykkjer det er utruleg kjekt å følgje med på utviklinga av mikrobryggeriet. Like eins alt som skjer rundt Utladalen Camping. Dette er ressurspersonar som det er supert å ha med seg, og eg gler meg på dykkar vegne, seier ho. 

Til toppen