KRITISERER: Einar Rysjedal og Raudt Høyanger meiner dei som har det vanskeleg frå før har fått det endå vanskelegare under dagens regjering.
KRITISERER: Einar Rysjedal og Raudt Høyanger meiner dei som har det vanskeleg frå før har fått det endå vanskelegare under dagens regjering. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

MEININGAR

Mørkeblåe angrep på vanskelegstilte

– Dei rike har fått store skattelettar medan arbeidslause fått kutt i feriepengar, kronikarar har fått auka eigendelar og det er framleis opp til den enkelte kommunen om sosialhjelpmottakarar skal få behalde barnetrygda, skriv Einar Rysjedal i innlegget.

Meiningar: Når vi runda nyttår og vi ønskte kvarandre nytt år, slutta NAV med utbetaling av arbeidsavklaringspengar (AAP) til 1650 menneske. Dei hadde då nådd den nye makstida som i 2019 blei redusert frå fire til tre år. Raudt Høyanger sitt årsmøte fryktar at dette også rammar innbyggjarar i vår kommune.

Arbeidsavklaringspengar er 66 prosent av tidlegare inntekt. Det skal vere eit vederlag for inntektstap medan det skal utgreiast om mottakarane kan gå tilbake til jobb eller bli uføre. Det som er gale, er at det er mange som ikkje har fått avklaring når makstida er overskriden.

Desse misser dermed denne mellombelse inntekta, sjølv om dei er ikkje er friske nok til 

Det blir tydelegare for stadig fleire at klasseskilja aukar og at klassesamfunnet ikkje er historie.

Einar Rysjedal

løna arbeid. Resultatet er at mange av desse uheldige menneska hamnar på sosialhjelp.  

Men det mørkeblå stortingsfleirtalet har meir på gang. Frå 1. februar reduserer regjeringa minstesatsen for arbeidsavklaringspengar for personar under 25 år med 66000 kroner i året (ein reduksjon til 133000 kr i året, skriv Fri fagbevegelse.

Samtidig med dette, er vi vitne til at milliardæren Stein Erik Hagen klagar over at han betalar for mykje i skatt. Det skjer samtidig med at Skandinavia sine rikaste familiar snyter så mykje som tredjedelen av skatten dei skulle ha betalt, og at dei 300 rikaste familiane i Noreg har ei skjult utanlandsformue på mange titals milliardar kroner.

Det er rikeleg med eksempel på korleis den mørkeblå Solberg-regjeringa har bidrege tilbakesteg. Dei rike har fått store skattelettar medan arbeidslause fått kutt i feriepengar, kronikarar har fått auka eigendelar og det er framleis opp til den enkelte kommunen om sosialhjelpmottakarar skal få behalde barnetrygda.

Forskjells-Noreg har vore og er Raudt sitt angrepsmål nummer éin. Det blir tydelegare for stadig fleire at klasseskilja aukar og at klassesamfunnet ikkje er historie. Raudt Høyanger vil at dei i vår kommune som mistar AAP ved årsskiftet og ungdomar som no blir plyndra for 66000 kr, tek kontakt med oss for at vi i fellesskap kan finne ut kva vi skal gjere med dette.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen