HØGTEKNOLOGISK: I fabrikken på Årdalstangen produserer dei syltynne silisiumsskiver, den viktigaste komponenten i solcellepanel. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HØGTEKNOLOGISK: I fabrikken på Årdalstangen produserer dei syltynne silisiumsskiver, den viktigaste komponenten i solcellepanel. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Mørkt fjorår for solcelleprodusenten, rokkar ikkje ved viljen til å satsa

Produksjonsproblem gjorde at Norsun i Årdal gjekk på milliontap i 2017. Planlegginga av fabrikkutvidinga går likevel for fullt.

Årdal: Etter to år i pluss gjekk Norsun i fjor 40 millionar kroner i underskot. Sviktande resultat og aukande konkurranse (sjå tabell) er likevel ikkje nok til å knekka framtidstrua i Årdal.

OPTIMIST: Trass eit mørkt år spår Norsun-sjef Svenn Ivar Fure likevel ei lys framtid for solcelleskivefabrikken i Årdal. Foto: Pressefoto

– Framtida er lys fordi marknaden er i sterk vekst, og den er lys fordi me ser at me kan lukkast med den teknologien og dei produksjonsmetodane som me vurderer, seier administrerande direktør Svenn Ivar Fure.

Dobla volumet etter produksjonskrøll

Sidan starten i 2005 har Norsun tapt 1,8 milliardar kroner. Berre to år har selskapet tent pengar, i 2015 og 2016.

Produksjonskrøll får skulda for at fabrikken i Årdal ikkje greidde å følga opp den positive trenden i 2017. 

– I fjor gjekk vi over til å bruka vatn som kuttevæske i waferproduksjonen og fekk problem med stabiliteten til produksjonsutstyret. Det sleit me med gjennom store delar av året, seier Fure.

Han presiserer at sjølve drifta så vidt gjekk i pluss med to millionar, men at såkalla avskrivingar trakk resultatet kraftig ned. Dette er kostnader dei må ta fordi maskinene og utstyret dei har i fabrikken tapar verdi kvart år.

TUNG AKTØR: Kina stod i fjor for 60 prosent av dei globale investeringane i solenergi. Grafane til høgre viser korleis prisane har sunke jamnleg dei siste åra. Foto: Skjermdump/World Energy Investment 2018

Når det gjeld problema i produksjonen seier Fure at dei først vart løyste i november. Frå juni, den tyngste månaden, steig volumet med nesten det doble fram til januar. Verksemda i Årdal fekk dermed ein pangstart på 2018.

– Me byrja året med å setta produksjonsrekord. Sidan har me halde godt volum, og ligg omtrent på planen for i år. Det me jobbar med er å ha stabiliteten som me skal, fram til me byrjar å utvida, seier Fure.

Satsar på naturlege fortrinn

Som me har skrive tidlegare jobbar Norsun med planar om å utvida fabrikken på Årdalstangen i tre steg. Avgjerda er ikkje teken enno, men ei full utbygging vil kosta rundt tre milliardar kroner.

Fure seier dei jobbar så hardt og fort dei kan, men vil ikkje setta nokon dato for når dei skal vera klare til å presentera resultatet.

– Viljen til å satsa den er der. Me er avhengige av å koma opp med forretningsutsikter som er interessante for noverande og framtidige investorar, seier Fure.

Ved å bruka dei naturlege fortrinna dei har, og ved å produsera stadig meir effektivt, trur Norsun-sjefen dei vil greia å konkurrera, sjølv i ein tøff marknad.

– Me har tilgang til billeg kraft, og kjølevatn frå Årdalsvatnet, og produserer våre silisiumprodukt med det beste CO2-fotavtrykket i verda. Det set faktisk marknaden pris på, seier Fure, og nemner Frankrike som døme.

Der blir nemleg solprosjekt vurderte både på pris og på kor lite CO2 som er slept ut under produksjonen av produkta som inngår i utbyggingane.

– Det gjer at mesteparten av produksjonen vår no og dei neste åra går til nettopp Frankrike, seier Fure.

BERG- OG DALBANE: Omsetninga til Norsun har svinga kraftig sidan oppstarten i 2008. Foto: Montasje/Proff.no
Til toppen