Moro for gutane

Tysdag kveld var dørene stengt for Lærdals kvinnelege innbyggarar, det var klart for gutanes kveld hjå Byggmakker Andersen.

  • Endret

I alt sju leverandørarar var til stades med gode tilbod, nyhende og demonstrasjon av utstyr. 

– Eg er kjempenøgd med opplegget. Responsen frå publikum her i kveld har også vore veldig god. Me satsar på same opplegget kvart år, eitt år i Lærdal medan neste år i Årdal, seier Kjell Andersen, dagleg leiar i Byggmakker Andersen, på tampen av kvelden. 

Indre Sogn Bil var på plass med bilar i frå Peugeot. Frå Bosch kom Andrè Skjønberg frå Stord, som demonstrerte batteriverktøy som til dømes skrumaskin, monteringsmaskin og handverkarmaskin. 

Artikkelen held fram under biletet

VERKTØY: – Batteriverktøy er no i vinden, seier Andrè Skjønberg, som demonstrerte bruken av fleire av dei.
VERKTØY: – Batteriverktøy er no i vinden, seier Andrè Skjønberg, som demonstrerte bruken av fleire av dei.

Kvar gruppe hadde fått sju minutt kvar for å syne fram sine produkt. 

– Eg vil skryte over det flotte tiltaket, her var mange interesserte som følgde med. Det er verre å få med folk som er interesserte frå Bergensområde når me har stand der, seier Skjønberg. 

På standen like ved følgde mange med då Harald Hjelle frå Gjøko fortalde om og synte fram terassebeis, måling og gipsplater i plast. Han har vore 48 år i same bransje.

Artikkelen held fram under biletet

BLES IKKJE VEKK: Ove Øyerhamn, frå Asak i Bergen, synte fram stein av dei fleste sortar og former. 
BLES IKKJE VEKK: Ove Øyerhamn, frå Asak i Bergen, synte fram stein av dei fleste sortar og former. 

– Eg vil visa fram noko som ikkje bles vekk i vinden, seier Ove Øyerhamn, frå Bergen. 

Han synte fram belegningsstein, heller, kantstein, blokkprodukt, utelys og drenering frå firmaet Asak. 

– Desse kan ønske folk velkommen inn på ein gardsplass eller innkjørsel, medan ein terasse eller ein hage kan ønskje alle velkomen ut, seier Øyerhamn.

Det vart ikkje store salet på Stein Nærø frå Helly Hansen. Han hadde med seg både vernesko og vanlege sko, jakker og arbeidstøy, nye trillevogner og baggar.

– Eg er her mest får å visa fram det me har, seier Nærø.  

Artikkelen held fram under biletet

SOSIAL KVELD: Etter ein god runde innom dei ulike standane var det tid for ei matøkt under gutanes kveld på Lærdalsøyri tysdag. 
SOSIAL KVELD: Etter ein god runde innom dei ulike standane var det tid for ei matøkt under gutanes kveld på Lærdalsøyri tysdag. 

Grillen var varm og med grillpølser, brus og kaffi på menyen, gjekk nok fåtalet heim svoltne. Som avslutning var det utlodning av diverse premiar frå dei ulike leverandørane på nummer, som kvar enkelt fekk i ein plastpose saman med diverse reklamemateriell.

Sjå biletgalleri øvst i saka. 

Til toppen