BILETEGALLERI: Forever J16 stakk av med sigeren. Foto: Kaja Nygård
BILETEGALLERI: Forever J16 stakk av med sigeren. Foto: Kaja Nygård

Moro med ball på andre juledag

Det har lenge vore ein tradisjon med handballturnering i romjulstida. 

Årdal: Laurdag var det duka for den årlege handballturneringen i Årdalshallen. Det er andre året studiespesialiserande som arrangerer denne dagen. 

Dette var ein veldig moro dag, med mange spennande kampar, fortel Vanja Thomassen Øren som er ein av arrangørane.

I år var det 8 påmeldte lag, som alle hadde kreative namn på laga sine. Desse var med Dikke BMW, Blanda drops, Liggeunderlaget, Åtil Retro, 7 Jule(bu)kaker, Julecocktail, Forever J16 og Hands FC. 

Jamn finale

Heile tribuna var full av tilskodarar som skulle heie laga fram. Det var også moglegheit for spelarar og publikum å kjøpe seg noko godt i kiosken. Der hadde dei både kaker og påsmurte rundstykker.

Handballturneringa har vore veldig vellykka i år, seier arrangøren Andrea Midtun.

Laget Forever J16 og Åtil Retro møtte kvarandre i finalen. Det var ein veldig jamn kamp, men til slutt sigra Forever J16.

Lagets beste spelar i finalen blei kåra på slutten av turneringa. På Forever J16 var det Gøran Nordli Hestetun, medan på Åtil Retro var det Endre Røneid som blei kåra til lagets beste. 

Sjå biletegalleri øvst i artikkelen. 

Til toppen