Moro med Tine Fotballskule

50 blide og ivrige ungar møtte opp for å vera med på Tine Fotballskule på Jotun stadion i helga. Les meir, og sjå eit lite fotogalleri.

Trykk på pilene som ligg i fotogalleriet over denne teksten

Sol, varme, ekte fotballglede, barnelatter og ivrige trenarrop gir eit lite bilete av kva som fann stad på Jotun stadion laurdag og søndag. 

Jotun sitt arrangement

Dei siste åra har Jotun Fotball stått for Tine Fotballskule. Dette er eit arrangement sponsa av Tine Produkter.

- Ungane har fått kvar sin ryggsekk, T-skjorte, ballnett, frukt og melk av sponsorane,  fortel, Jotun sin ansvarlege Kai Wigum, i Jotun Fotball. 

Jotun sjølv står for sjølve arrangementet.

MORO: - Det er moro å spela fotball, fortel Theodor Høyheim (10) (i midten), til Porten.no
MORO: - Det er moro å spela fotball, fortel Theodor Høyheim (10) (i midten), til Porten.no

Moro med fotball

Det er gute- og jentespelar fødde i tidsrommet 2003-2009 som har vore med, og det er ungar frå ÅTIL og Jotun som har hatt fotballmoro. 

- Det er moro å vera her, seier Theodor Høyheim (10), til porten.no

- Kva er det som er moro?

- Å spela fotball.

- Gjer de på andre ting òg?

- Me drikke vatn. Og snart skal me få melk og frukt, seier han.

Moro på Tine Fotballskule

 

Til toppen