MEIR ENN EIN SUV: Denne utgåva av BMWs X4 er noko meir enn ein mellomstor SUV. Med 360 hestekrefter vil den også vere ein sportsbil. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema
MEIR ENN EIN SUV: Denne utgåva av BMWs X4 er noko meir enn ein mellomstor SUV. Med 360 hestekrefter vil den også vere ein sportsbil. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema

 Moro-SUV

Dei mellomstore SUV-ane er ekstremt populære i Noreg, og har gjerne ein dieselmotor på 150 hestekrefter. Skulle det virke snautt, byr BMW på ein med 360.

Tema: BMW X4 kom for eit par år sidan, som eit litt sportsleg alternativ til X3. Utgangspunktet er det same, men X4 har ei meir coupéaktig taklinje, lik den større X6.

Litt poenglaust, i den forstand at dette er ein mellomstor SUV, som dermed er laga litt mindre praktisk med lågare takhøgd i baksetet.

No kjem det ein modell som i høgare grad rettferdiggjer denne løysinga, ei utgåve der M-performance avdelinga til BMW har triksa litt. Resultatet er X4 40M.

Det er ikkje ein reindyrka M-bil, men ein som har blitt raffinert av M-avdelinga. Under panseret er den velkjente tre liters rekkeseksaren, som ein finn i mange andre BMWar, blant anna i X4 35i der den har 306 hestekrefter. I X4 40 M er det 360.

Seriøst sprek

Vi snakkar om ei seriøst sprek sak, som gjer null til hundre på mindre enn fem sekund. Ytre sett er det ikkje så store forandringar, større luftinntak framme, andre eksosenderør og nokre M-merke, men ein anar at det er noko ganske spesielt på gang når ein trykkjer inn startknappen.

Då kjem det ein buldrande lyd frå eksosanlegget, som er veldig langt unna dieselklapringa ein vanlegvis blir møtt med i ein SUV på denne størrelsen.

Motoren har fått nokre delar som også blir brukt i M3 og M4, og eit høgare turbotrykk enn 35i-utgåva. Det den ikkje har fått, er ei heftigare girkasse. Her er det ei rimeleg standard 8-trinns Steptronic, noko ein merkar. Den skiftar ikkje så kjapt og skarpt som dobbeltkløtsj-varianten ein finn i dei meir reindyrka M-bilane.

Du må heller ikkje forvente dei same køyreeigenskapane som M2, M3, M4 og M5 byr på, noko som sjølvsagt heng saman med den mindre gunstige kroppsforma til suven.

Det er ikkje til å kome ifrå at høgde og vekt gir den eit visst handikap i svingar. Ein kan stramme opp understellet, noko som går på kostnad av komforten, men som gir betre eigenskapar om ein ønskjer å køyre bilen hardt.

Litt søkt

Kjernen i bilen er motoren, som er strålande. Maks effekt ligg relativt høgt i turtalsregisteret, mellom 5800 og 6000 omdreiingar per minutt, mens dreiemomentet på 465 newtonmeter slår inn frå 1350 omdreiingar og er der til drygt 5000 omdreiingar.

Det gir eit skikkeleg trøkk frå botnen av, som endar i eit friskt kvin når ein nærmar seg turtalssperra. Då ausar den også ut ein lyd som burde gjere bilen elgsikker. Dyreartar som ikkje høyrer bilen på lang avstand, er nok allereie utrydda.

Samtidig er dette ein bil som er langt mindre brautande enn X6 M, som med sin kraftige motor på 575 hestekrefter også kostar det dobbelte. Slik sett kan X4 M40 verke som eit fornuftig val. For med bilar som dette må ein alltid finne eit samanlikningspunkt som er passeleg søkt, om ein skal klare å rettferdiggjere at det er eit bra kjøp.

Konkurrentar

I det øvre sjiktet av dei mellomstore suvane finn ein Audi SQ5, som i «plus-utgåva» byr på 340 hestekrefter og ein pris som ligg 100.000 under X4 M40.

I Audien er det ein dieselmotor, og ein akselerasjon som er eit par tidelar svakare enn BMW-en. Er ein mindre interessert i plass, men meir i kraftige krefter er Audi RS Q3 eit alternativ. Her er det ein bensinmotor på 340 hestekrefter, og den er så vidt kjappare frå null til hundre. Startprisen er i tillegg vel 100.000 under X4 M40.

Den mest sportslege av alle bilane i sjangeren er Porsche Macan GTS, med ein treliters bensinmotor på 360 hestekrefter. Det er langt på veg ein sportsbil kamuflert som SUV. Den er eit par hundre tusen dyrare. Det er også Jaguar F-Pace, som blir lansert i Noreg i desse dagar, med toppmotoren på 380 hestekrefter.

Til toppen