Morosam og effektiv jule-treningsøkt

Du skal gjennomføre 4 rundar (på tid) av følgande øvingar:
- 10 knebøy
- 20 utfall
- 20 strake markløft
- 10 push-press
- 20 zercher squat
- 20 ståande roing

(Set videoinnstillingane på HD før du spelar av videoen)

Dette er ei utfordrande treningsøkt i form av at du både jobbar med relativt tunge vekter som utfordrar muskelstyrken, og det kontinuerlege arbeidet med mange repetisjonar gjer at pulsen stiger, noko som også gir deg ein uthalds-effekt. Du får trent heile kroppen og brukar store muskelgrupper.

Det at du jobbar på tid aktiverer konkurranseinstinktet. Du kan velje å anten ta tida på dei 4 rundane totalt og dermed tida du brukar på økta i sin heilhet, eller du kan dele det opp og ta tida på kvar av dei 4 rundane.

Pass på at du på tross av dei tunge vektene og tidsaspektet utfører øvingane med korrekt teknikk! Better safe than sorry ☺​

... og du! Etter denne økta er det plass til ekstra mykje julemarsipan og gløgg.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen