SJUK: Morten Abel måtte avlyse konserten i Ørsta torsdag kveld på grunn av sjukdom. Laurdag skal han etter planen stå på scena på Bakeriet. Foto: Pressefoto.
SJUK: Morten Abel måtte avlyse konserten i Ørsta torsdag kveld på grunn av sjukdom. Laurdag skal han etter planen stå på scena på Bakeriet. Foto: Pressefoto.

Morten Abel måtte avlyse i Ørsta

Men artisten skal stå på scena på Bakeriet laurdag.

Årdal: Morten Abel skulle etter planen ha starta turneen med konsert på Rust Club og Scene i Ørsta torsdag kveld, men i forkant av konserten blei artisten sjuk, skriv Sunnmørsposten.

Dermed vart den første konserten på turneen hans avlyst. Abel skal etter planen spele på Terminalen i Ålesund i kveld før han kjem til Årdal og Bakeriet laurdag.

Les også: – Føler eg har ei historie i Årdal

På Facebook-sidene til Rust Club & Scene står det at Abel var sjuk heile torsdag og at formen vart verre utover dagen. 

– Me håpar han er blitt betre i løpet av natta, men ventar på rapport, skreiv manager Arne Svare i ein e-post til Porten.no fredag morgon.

No ser det ut til at det ikkje er meir alvorleg enn at skal stå på scena på Bakeriet laurdag. 

– Konserten med Morten Abel vil gå som planlagt både i kveld på Terminalen Byscene og laurdag på Bakeriet Øvre Årdal når han gjestar oss ifølgje managementet. Ta turen da vel, er oppmodinga Bakeriet kjem med på si Facebook-side

Til toppen