MØTTE MINISTEREN: Leiar for Sogndal og Omegn FpU deltok på ein tillitsmannskonferanse i Oslo i helga. Her fekk han mellom anna møte samferdsleministeren. Foto: Privat.
MØTTE MINISTEREN: Leiar for Sogndal og Omegn FpU deltok på ein tillitsmannskonferanse i Oslo i helga. Her fekk han mellom anna møte samferdsleministeren. Foto: Privat.

Morten fekk møte samferdsleministeren

I helga deltok leiar for Sogndal og Omegn FpU, Morten André Njåstad Nordanger på tillitsmannskonferanse i Oslo. 

Konferansen har blitt arrangert av Framstegspartiets Ungdom i januar kvart einaste år sidan byrjinga av 80-talet. Denne helga fann det stad på partikontoret i Oslo, der fleire hundre tillitsvalde ungdommar frå partiet var samla for fagleg påfyll.

Ein av desse var leiar for Sogndal og Omegn FpU, Morten André Njåstad Nordanger. 

– Det er utruleg morsomt å få møte så mange engasjerte FpU-arar frå andre stader i landet, og ikkje minst er det veldig lærerikt for oss tillitsvalde, seier han i ei pressemelding.

På konferansen fekk han mellom anna møte samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen. Fleire av toppolitikarane i regjeringsapparatet og personar frå privat næringsliv var tilstades.

– At me får møte både statsrådar, stortingsrepresentantar og dyktige folk frå næringslivet gir oss ei skikkeleg vitamininnsprøytning til å stå på vidare.

Njåstad Nordanger legg til at han også er nøgd med korleis budsjettforhandlingane med Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti gjekk.

– Me er utruleg nøgde med at frikortgrensa har blitt auka nok ein gong, slik at ungdommar som står på litt ekstra vert straffa i mindre grad. No kan ein tene heile 55.000 kroner skattefritt. I tillegg er me svært nøgde med at budsjettet til vegane er auka med nesten 50 prosent etter at FrP kom inn i regjering, seier han.

Til toppen