Morten står gjerne grytidleg opp for desse blinkskota

Morten Hagen tek bilete av vinterlandskap, nordlys og dyreliv, og folk elskar det dei ser.

Sogndal: Fotografen fra Sogndal har sidan 2009 hatt stor interesse for fotografering av vinterlandskap, nordlys og dyreliv. Det same året reiste han på tur til Svalbard og sidan har interessa for fotografering berre auka.

– Fram til i dag har eg investert i fotoutstyr i det små. Eg har gått litt frå kompaktkamera til spegelreflekskamera, seier Hagen.

– No har eg fått ordna meg utstyr som hjelper meg og gjer at eg får tatt så klare og fine bilete som mogleg. Om nettene og tidleg om morgonen er det fort for at eg tek turen ut for å knipsa nokre bilete.

HJORTEDILLA: Morten har i det siste vore mykje ute i skog og mark for å ta dei perfekte hjortebileta
HJORTEDILLA: Morten har i det siste vore mykje ute i skog og mark for å ta dei perfekte hjortebileta

Knipsar hjorten

I det siste er det hjortar på Kaupangar som har fanga tida til fotografen. Det er nettopp medan dei fleste søv at dei er mest aktive. Då må ein berre finne seg i å stå opp tidleg.

Som fotograf byr det også på mange naturopplevingar. Høgdepunkta biletemessig er frå Svalbard.

– Høgdepunktet frå samlinga mi er nok frå turen til Svalbard i fjor. Vêrforholda var heilt på topp, og med det lyset ein får der oppe, kan ein ta svært gode bilete, seier han.

Gode tilbakemeldingar

Men flotte fjellturar er heller ikkje å forakte, fortel fotografen.

– Det store for meg er fjellturane til Jotunheimen. Å reisa opp på fjelltoppane og knipsa nokre bilete av nordlys er verkeleg stort.

Med sosiale medium som eit fint verktøy til å syne fram arbeidet, vankar det også mange gode tilbakemeldingar og «likes» frå folk som ser bileta. 

– Eg har fått ein del gode tilbakemeldingar på bileta mine, noko som sjølvsagt gir meg meir lyst til å ta fleire bilete, seier han.

Til toppen