MOT SEMJE: Usemje på borgarleg side har forseinka arbeidet med landbruksmeldinga på Stortinget. Men no skal dei fire partia snart vere i hamn med forhandlingane.​ Foto: Jan Christian Jerving.
MOT SEMJE: Usemje på borgarleg side har forseinka arbeidet med landbruksmeldinga på Stortinget. Men no skal dei fire partia snart vere i hamn med forhandlingane.​ Foto: Jan Christian Jerving.

Mot borgarleg semje om landbruksmeldinga

Usemje på borgarleg side har forseinka arbeidet med landbruksmeldinga på Stortinget. Men no skal dei fire partia snart vere i hamn med forhandlingane.

Sogn: Eit nytt og kanskje endeleg forhandlingsmøte på Stortinget er planlagt tysdag kveld. Så blir det eventuelt ein runde i partigruppene onsdag før ein avtale er klar. Næringskomiteen skulle eigentleg ha gitt frå seg innstillinga si i saka 23. mars, men slik blei det ikkje.

– Eg forventar at regjeringspartia, KrF og Venstre blir ferdige i tide til den nye fristen 6. april. Dei har trass alt hatt tre månader på seg, seier leiar i næringskomiteen Geir Pollestad (Sp).

– Omskriven

Pollestad seier landbruksmeldinga ligg an til å bli kraftig omskriven av stortingsfleirtalet. Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) fekk kraftig kritikk frå bondeorganisasjonane og opposisjonen då den blei lagt fram før jul. Også frå samarbeidspartia KrF og Venstre kom det sterke innvendingar.

– Viss vi skal tolke signala frå KrF og Venstre i den offentlege debatten, så blir det store endringar, seier han.

Dei to partia slo tidleg fast at det ikkje er aktuelt å kutte talet på mjølkeregionar frå 19 til 10, slik regjeringa føreslo. KrFs Line Henriette Hjemdal er også kritisk til å avvikle dagens ordning for marknadsregulering av korn og egg.

– Eg mistenkjer statsråden for å ri politiske kjepphestar når eg høyrer han legge fram regjeringa sin politikk for marknadsreguleringsordningane, sa Hjemdal til NTB i desember i fjor.

– Effektivisere

Då han la fram meldinga slo landbruksminister Jon Georg Dale fast at jordbruket måtte omstille seg for å auke og effektivisere matproduksjonen.

Også for eple og matpotet føreslår regjeringa å avvikle marknadsbalanseringa og innføre likebehandling med annan produksjon av frukt og grønt. TINEs skal framleis vere marknadsregulator for kumjølk og Nortura får halde på ei tilsvarande rolle innan kjøtproduksjon.

Målprisen og volummodellen for svinekjøt blir også føreslått avvikla, noko som vil innebere at ordninga blir den same for svinekjøt som for andre kjøtslag.

I tillegg vil regjeringa fjerne 15-prosentmålet for økologisk omsetning og produksjon, noko Venstre har protestert mot.

Tidspress

Representantskapet i Norges Bondelag kom i førre veke med kraftig kritikk mot regjeringa og samarbeidspartia for behandlinga av landbruksmeldinga.

Med den nye og forseinka tidsplanen på Stortinget følgjer det at meldinga først vil bli sluttbehandla 25. april, dagen før krava i jordbruksoppgjeret kjem.

– Meldinga skulle skape ro og føreseielege rammer i framtidige forhandlingar. No skjer det motsette, heiter det i utsegna frå Bondelaget.

Forhandlingane på Stortinget er for lengst løfta til dei parlamentariske leiarane.

(©NPK)

Til toppen