EINSLEG SVALE: Det høyrest kanskje merkeleg ut, men Eivind Larsen er overtydd om at det er ingenting i vegen for å driva fiskeri med base i Lærdal. Biletet er for ordens skuld teke i Kaupanger, med Amla i bakgrunnen.
EINSLEG SVALE: Det høyrest kanskje merkeleg ut, men Eivind Larsen er overtydd om at det er ingenting i vegen for å driva fiskeri med base i Lærdal. Biletet er for ordens skuld teke i Kaupanger, med Amla i bakgrunnen. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Møt Lofot-fiskaren frå Lærdal - vil starta fiskebruk inst i Sognefjorden

Sjølv i luftlinje er det 860 kilometer til torsken i Lofoten. Men Eivind Larsen har ingen kvalar med å starta fiskebruk inst i Sognefjorden.

Lærdal: Då Larsen kom til Lærdal frå Kalvåg for fire år sidan, tok han jobben med seg på flyttelasset.

– Eg har alltid drive med fiske, og det har eg tenkt å gjera no òg, seier han.

For to år sidan fekk han på plass ei flytebrygge bortanfor ferjekaia i Lærdal, men den er klar for utskifting. 

Larsen ønskjer å starta eit skikkeleg fiskebruk i Lærdal, slik at han kan ha alt utstyret og driva vedlikehald nær der han bur. Til no har han leigd ein plass ute ved kysten.

– Eg er avhengig av å få meir plass nede i hamna for å kunne flytta alt inn til Lærdal, og håpar å få det til, seier han.

KLAR FOR UTSKIFTING: Ei flytebrygge har fungert som ei mellombels løysing dei siste to åra. Men Larsen håpar å få betre tumleplass om ikkje lenge. Foto: Halvor Farsund Storvik

Skal fiska langs heile kysten

Etter å ha vore medeigar på ein båt saman med fem andre, ønskjer Larsen no å satsa for seg sjølv. Eit nytt fartøy er under bygging i Finland.

Den nye båten er ei stor investering, men enno meir kostbare blir fiskerettane.

– Det varierar sjølvsagt etter kor mykje du skal kjøpa, men det blir fort pengar av det, seier Larsen.

Planen er å fiska etter torsk i Lofoten og Troms om vinteren, etter sild, makrell og sei ute på kysten av Vestlandet om sommaren og etter brisling i Sognefjorden om hausten.

– Det blir slike månadsturar, at me reiser vekk ein månad og blir liggande i ro ein månad, seier Larsen.

I starten har han planar om å ha tre til fire mann på båten, men det talet kan godt bli fleire etter kvart. Då han starta opp på slutten av 90-talet var dei to stykk på båten. Når dei solgte no nyleg hadde det blitt ti arbeidsplassar ut av det.

Folk i Lærdal er positive

Han veit ikkje om andre i Indre Sogn som driv som han, men meiner det er ein myte at det ikkje går an å vera yrkesfiskar så langt inne i landet.

– Det tek ti timar å gå ut av fjorden. Det er forskjellen på å vera utpå kysten og her inne. Når du går ein månadstur til Lofoten, så har det ikkje noko mykje å seia, seier Larsen.

Han er van med å få eit par ekstra spørsmål kvar gong han fortel kva han driv med. Ute ved kysten var han ein av mange, her inne er han plutseleg vorten eksotisk.

– Eg har kjensla av at alle eg snakkar med er positive, sjølv om ikkje alle kanskje skjønnar heilt kva det går i. Det er litt spesielt sjølvsagt, når du kjem inn som den første som skal etablera seg på denne måten, seier Larsen.

Til toppen