TOPPJOBB I SIKTE: Tarjei Torvik (24) er villig til å gje slepp på vikarjobbinga, om han får tilbodet om å leia nye Vestland fylke.
TOPPJOBB I SIKTE: Tarjei Torvik (24) er villig til å gje slepp på vikarjobbinga, om han får tilbodet om å leia nye Vestland fylke. (Foto: Privat)

Møt privatisten som prøver å kapra toppjobben i det nye fylket

Han skulle ha dei fleste forutsetningane, men får knallhard konkurranse om å vera den mest usannsynlege kandidaten. Møt Tarjei Torvik (24).

Bergen/Leikanger: Tarjei Torvik bur for tida i Bergen, jobbar litt via eit vikarbyrå og tek opp att nokre fag som privatist. No ønskjer han å ta eit kvantesprang i karriera, og siktar mot toppjobben i det nye fylket på Vestlandet.

– Eg har den innstillinga at du kjem ikkje nokon veg viss du ikkje prøver, seier Torvik.

– Går ut frå at eg er i botnen av bunken

At karriereambisjonar forklarer jobbsøkinga er ei overdriving. Torvik er fullt klar over at han ikkje har dei største sjansane til å få jobben. At han får sosialstønad av NAV var ein like viktig grunn for å søka. 

– Som arbeidssøkar har du krav på deg om å søka minimum fire jobbar i veka og det er ikkje alltid like lett å finna stillingar du har kompetanse for. Då eg kom over utlysinga etter fylkesrådmann såg at det ikkje var nokre spesifikke kompetansekrav. Eg tenkte det ville vera gøy å søka, seier han.

Som sagt, så gjort. No er han blant seks kandidatar til jobben. Fire det du kan kalla seriøse kandidatar, ein sjølverklært kredittsjef frå Oslo, og han sjølv.

– Eg såg kanskje for meg at det ville bli litt fleire søkarar, men eg går ut frå at eg er på botnen av bunken, seier Torvik.

V FOR VICTORY: Ingen hadde tru på at Trump skulle bli president. Ingen har tru på at Tarjei Torvik (24) skal bli fylkesrådmann. Byrjar du å fatte eit mønster? Foto: Privat

Utan å vera klar over at han har ein skarp konkurrent òg om plassen som den mest usannsynlege kandidaten, nemleg Torbjørn Johan Gaarder, betre kjend som den mest ivrige jobbsøkaren i Norge.

I pressemeldinga skriv leiaren for samanslåingsnemnda, Anne Gine Hestetun, at dei er på leit etter ein person med erfaring frå strategisk endringsleiing, for å nemna noko:

Lite leiarerfaring, men diplomatisk så det held

Torvik har ikkje tenkt så nøye gjennom kva det første han som fylkesrådmann vil gjera om han får jobben.

– Åh. Ja, det er jo sikkert det store spørsmålet, seier han nølande.

– Det er jo først snakk om ei stilling som prosjektleiar. Eg reknar med at eg vil få litt erfaring der, før stillinga som fylkesrådmann slår inn i 2020, seier Torvik etter ei tenkepause.

Det Torvik eventuelt manglar av erfaring frå strategisk endringsleiing, vert langt på veg kompensert av diplomatiske evner. Der verkar Torvik å skåra høgt, om me skal dømma etter svaret på kva han tykkjer om samanslåinga.

– Det kan vera positivt på nokre måtar, men negativt på andre. Folk har splitta meiningar og det har eg forståing for. Men eg trur det kan vera ein bra ting, så lenge det blir gjort på rett måte, seier Torvik.

Så får me sjå om det han blir mannen som får æra av å testa ut den teorien i praksis. Kven av dei seks kandidatane som får jobben blir bestemt 4. mai.

Til toppen