FORKLARAR: Jan Geir Solheim (Sp) seier det ikkje ligg ein skjult agenda bak brakkeriggen og forklarar kva som ligg i motell-tankane eigarane av riggen har vore inne på. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
FORKLARAR: Jan Geir Solheim (Sp) seier det ikkje ligg ein skjult agenda bak brakkeriggen og forklarar kva som ligg i motell-tankane eigarane av riggen har vore inne på. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

– Motell ein moglegheit me har drøfta

Jan Geir Solheim (Sp) avfeier mistankane frå Arbeidarpartiet og ryddar opp i motell-planane. 

Lærdal: Arbeiarpartiet går hardt ut og kritiserer handteringa av brakkerigg-saka og peikar på alt frå hastverket med å få saka gjennom i formannskapet til innkalling til møte.

Dei stiller også spørsmål om ordføraren har ein skjult agenda med brakkeriggen, som dei trur skal bli til eit motell etter at det er nytta som asylmottak. Vedtaket til dei folkevalde seier tydeleg at dersom bruken skal endrast, må det søkjast på nytt.

Førebels er det uklart om det i det heile blir eit asylmottak. Sidan Høgeloft AS, som eig brakkeriggen, ikkje rakk anbodsrunden før jul, og det ikkje er tidsfesta ein ny anbodsrunde, satsar dei på ein direktekjøpsavtale med UDI.

Ingen bygg utan avtale

– Viss det ikkje blir noko av det, blir det vanskeleg å få det til. Det er ein stor risiko, og det er dyrt, seier Solheim, som fortel at dei no jobbar med ei byggemelding som skal leverast til Lærdal kommune. 

– Me set ikkje opp noko viss me ikkje har ein avtale. Det gjeld også grunnmur. Me legg eit løp i helga der me ser kva som blir til før me kjem til endeleg avgjerd. Først då set me opp ein mur.

Artikkelen held fram under biletet.

LØYSING: Med tilkomst på austsida av brakkeriggen og parkeringsplassar i samband med ein snuplass for buss, håpar Høgeloft AS å få løyst utfordringane knytt til desse to områda, som er blitt løfta fram av naboane. Teikning: Høgeloft AS.
LØYSING: Med tilkomst på austsida av brakkeriggen og parkeringsplassar i samband med ein snuplass for buss, håpar Høgeloft AS å få løyst utfordringane knytt til desse to områda, som er blitt løfta fram av naboane. Teikning: Høgeloft AS.

Då må i så fall tilkomst og parkering vera på plass. I merknadene frå naboane er det desse to tinga som det blir lagt mest vekt på. Og i vedtaket heiter det at dette må vere på plass for at disposisjonen skal gjelde.

– Tilkomst til ridebana er det ikkje tvil om, og når det gjeld parkering, klarar eg ikkje å sjå at det skal vera eit problem. Me har plass nok, så me må berre løysa det. Ingen av dei to tinga skal velte dette, svarar Solheim, og seier dette skal vera på plass når dei leverer byggemeldinga til kommunen.

Forklarar motell-tankane

Når det gjeld ein skjult agenda, så er dette noko ordføraren absolutt ikkje er med på og forklarar nærare kva som eigentleg ligg i motell-tankane.

– Puben på Borgund har hatt utfordringar med kjøkken, og så pågår det eit stor prosjekt på Kongevegen med potensielt mange vandrarar. Viss det er slik at ein framleis treng kapasitet på kjøkken og matsal, så er riggen godt utstyrt med kjøkken, og så kan ein i tillegg behalde nokre rom. Dette er langt fram i tid og eit mellombels bygg, men delar av det kan nyttast til slikt, men då må det søkjast om, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

DEBATT: Brakkeriggen har skapt ein stor debatt blant lærdølene. Riggen, som skal ligge bak Postaabneriet Pub og Café, blir sjåande slik ut. Teikning: Høgeloft AS.
DEBATT: Brakkeriggen har skapt ein stor debatt blant lærdølene. Riggen, som skal ligge bak Postaabneriet Pub og Café, blir sjåande slik ut. Teikning: Høgeloft AS.

– Så eit motell vil ikkje ha same storleiken som eit asylmottak med 60 rom?

– Eg vil gjerne sjå den som klarar å driva eit motell på Borgund med 60 plassar. Me er ganske edruelege i planlegginga. Dette er berre ein moglegheit som kan oppstå dersom Kongevegen skulle ta av med dei forhåpningane me har til det. Det kan òg blir ingenting eller to brakker med kjøkken og nokre få senger, men det er noko me tar stilling til då og søker om. Dette er mellombels.

Openheit og følgje boka

At ein har kome skeivt ut på hoppet, som Frode Myklebust (V) skildra det i det ekstraordinære formannskapsmøtet måndag, er det liten tvil om, og Solheim er klar på at han i like stor grad som opposisjonen ønskjer at alt skal vere korrekt når det gjeld innkallingar og handsaming.

– Eg veit at dette med innkallinga vart sjekka med fylkesmannen, og då la eg meg ikkje borti det. Eg ville ikkje at me skulle gjera nokon feil her. Dette hadde rådmann eigentleg avklart. Det er litt spesielt, men ein må gjere ting rett.

– Me har vore veldig nøye på alt i denne saka. Det hadde vore idiotisk å gjera ting som ikkje heng på greip eller ikkje er etter boka når ein skjønnar at folk kan tolke roller her. Vårt mål heile tida har vore openheit og å følgje boka, seier han.

Til toppen